Avtalespesialistar vurderer og behandlar tilstander som ikkje krev innlegging, tilsvarande sjukehusa sine poliklinikkar.

Spesialisten må ha avtale med Helfo

For at du skal ha rett til stønad frå folketrygda til behandling hos avtalespesialist, må behandlaren din ha avtale om direkte oppgjer med Helfo. Du må forsikre deg om dette før undersøking og behandling startar.

Avtalespesialisten har plikt til å informere deg som pasient dersom hen ikkje har direkte oppgjer med Helfo, slik at du får vite, før behandlinga startar, om du må betale heile rekninga sjølv. Denne plikten følger av helsepersonelloven paragraf 6.  

Tilvising (henvisning) til avtalespesialist

Avtalespesialistane kan tilby deg vurdering og behandling ved tilvising (henvisning) frå fastlege din eller anna helsepersonell med tilvisingsrett (henvisningsrett).

Utan tilvising gjeld ikkje spesialistens driftsavtale. Du må i dette tilfellet sjølv dekke all behandling.

Betaling hos avtalespesialist

Ved tilvising til avtalespesialist vil eigendelen du som pasient må betale vere den same som ved behandling på eit offentleg sjukehus. Eigendel er betaling frå pasienten som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester.

Pasientbetaling er annan betaling avtalespesialisten kan krevjast av pasienten, men som ikkje tel med i oppteninga til frikort, og må dekkast fullt ut av deg som er pasient.

Dersom avtalespesialisten/sjukehuset nytter medisinsk (forbruks?)materiell i samband med behandlinga, vil storleiken på pasientbetalinga avhenge av om du konsulterer avtalespesialist eller eit offentleg sjukehus.

Regelverket for avtalespesialistane har differensierte pasientbetalingar, avhengig av kva slags materiell som blir brukt.

Egenandel hos lege

Når du går til legen, får du dekket mesteparten av utgiftene dine til behandlingen. Vanligvis må du betale en egenandel som teller med i opptjeningen til frikort for helsetjenester.

Oversikt over avtalespesialistar

Avtalespesialistane har individuelle avtaler med dei regionale helseføretaka (RHF-ene). Du finn oversikt over alle avtalespesialistar på RHF-anes nettsider:

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helfo

Helfo. Avtalespesialistar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert mandag 9. november 2026 [henta lørdag 7. november 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/behandlere/avtalespesialist/

Sist oppdatert 9. november 2026

Fann du det du lette etter?