Kiropraktor – behandling og betaling

Kiropraktorar er offentleg autorisert helsepersonell som undersøkjer og behandlar muskel- og skjelettlidingar. Helfo gjev stønad til slik behandling.

Bilde av en kvinne hos kiropraktor

Kiropraktorar kan

  • utføre undersøking og behandling med refusjon, utan tilvising frå lege
  • vise pasientar vidare til legespesialist, røntgen eller fysioterapeut
  • sjukmelde pasientane sine i opptil tolv veker

Betaling hos kiropraktor

Helfo utbetaler stønad etter fastsette takster, mens kiropraktoren har fri prissetting. Stønaden frå Helfo utgjer berre ein liten del av dei totale kostnadane for deg som er pasient.

Helfo gir ein stønad på 164 kroner for førstegongs undersøking, deretter 75 kroner for kvar av dei andre behandlingane du har krav på refusjon for. Desse skal automatisk trekkast frå rekninga du får frå kiropraktoren. Helfo gir stønad til behandling av muskel- eller skjelettplager hos kiropraktor.

Utgiftene til behandling hos kiropraktor gjev ikkje rett til frikort for helsetenester.

Betaling for behandling i utlandet

Dersom du vil til få utført undersøking eller behandling hos kiropraktor i EU/EØS-området, kan du ha rett til å få refundert noen av utgiftene dine.

Utgreiing hos kiropraktor

Når du kjem til ein kiropraktor fortel du med eigne ord kva problemet er. Då vil kiropraktoren stille nokre spørsmål for å finne ut korleis symptoma heng saman og kva årsaken til problema kan vere.

Kiropraktoren kan også spørje deg om eventuelle

  • sjukdommar og skader du har hatt før
  • medisinar du tek
  • belastningar i heimen og på arbeidsplassen din

Kiropraktoren vil sjekke kor godt du kan bevege ledd og musklar, og om nervesystemet fungerer som det skal. I tillegg vil kiropraktoren leite etter smertekjelder i kroppen din og sjekke om nokre av ledda dine har låst seg.

Behandling hos kiropraktor

Kiropraktorar er ofte forbundne med leddmanipulasjonsbehandling, men kiropraktorar nyttar varierte behandlingsmetodar som

  • behandling av blautvev
  • heimeøvingar
  • trykkbølge
  • behandling med nål

Det finnes fleire oversiktsstudiar som peikar på ein klinisk effekt av manipulasjon av mellom anna

  • ryggsmerter
  • nakkesmerter
  • hovudpine
  • astma
  • svimmelheit
  • sengevæting
  • kolikk hos spedborn

Derimot manglar det framleis studiar som syner at denne behandling er betre enn andre manuelle behandlingsformer. I tillegg er fleire studiar utført på små grupper, og det er vanskelig å trekke generelle konklusjonar av resultata.

Norske forskingsinstitusjonar og europeiske forskingsgrupper har publisert retningsliner på behandling av fleire av diagnosane der behandlinga ser ut til å ha en viss klinisk effekt.

Tilvising til kiropraktor

Du treng ikkje tilvising (henvisning) frå lege for å få behandling hos kiropraktor og deretter rett til stønad frå Helfo.

Kiropraktoren kan vise deg vidare til legespesialist, røntgen og fysioterapeut.

Kiropraktoren kan òg gi sjukemelding i ein periode på inntil 12 veker.

Utdanning og krav til kiropraktorar

​Kiropraktikk er praktisert i Noreg sidan 1922, og er per i dag ein del av primærhelsetenesta. Kiropraktorutdanninga er ikkje tilgjengeleg i Noreg, men er i nokon land ei femårig universitetsutdanning på mastergradsnivå, etterfølgt av eitt år obligatorisk turnusteneste hos ein godkjent kiropraktor.

Kiropraktorar er som anna helsepersonell i Noreg bunde av kravet om at arbeidet deira er fagleg forsvarleg, slik det er omtala i helsepersonelloven og kiropraktorforskrifta.

I Noreg må ein vere autorisert av Helsedirektoratet for å kunne kalle seg kiropraktor.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet , Helfo

Sist oppdatert torsdag 4. august 2022