Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon). Eingongsstønaden er på 3184 kroner for 2023 (3091 kroner i 2022). Du kan ikkje få denne stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.
Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.
Send søknad til Helfo
Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.
Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.
Papirskjema
Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut
Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.
Fullmakt ved Helfo-henvendelser
Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.
Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.