Planlagd heimefødsel

Dersom du vil føde heime, må du vere frisk og ha eit normalt svangerskap med fødsel til termin. Jordmor eller lege følgjer med på utviklinga av svangerskapet ditt, og gjev råd når det gjeld om du kan føde heime eller bør føde ved ein fødeinstitusjon.

Heimefødsel er eit privat tilbod

Planlagd heimefødsel med jordmor er ikkje ein del av det offentlege tilbodet. Tilbodet om heimefødsel blir i dag gjeve av privatpraktiserande jordmødrer utan avtale med helseføretaka eller kommunane. Tilbodet er avgrensa av om det finst jordmødrer som tilbyr planlagd heimefødsel i nærleiken av der du bur.

Svangerskapskontrollane er gratis anten dei skjer hos offentleg eller privat tilsette jordmødrer, eller hos fastlegen.

Føreset eit normalt svangerskap

Dersom du ønskjer heimefødsel, er det viktig at du diskuterer dette med jordmor eller lege så tidleg som mogleg i svangerskapet. Då får du betre oversikt over fødetilbodet og valalternativ der du bur, og du får informasjon om vanlege rutinar ved ein planlagd og forventa normal fødsel.

Før ein heimefødsel skal jordmor eller lege avklare at:

  • du er frisk
  • du har hatt eit normalt svangerskap
  • du har eitt barn i magen
  • barnet ligg i hovudleie
  • du ikkje har hatt keisarsnitt tidlegare
  • du har hatt normale svangerskap og fødslar tidlegare dersom du er fleirgongsfødande

Så sant du oppfyller kriteria for heimefødsel, viser forsking at det er trygt med heimefødsel.

Når heimefødselen ikkje blir som planlagd

Det kan skje uventa komplikasjonar under ein fødsel. Føder du heime, kan det ta lengre tid å få hjelp for deg eller barnet. Årsaka kan vere avstanden til sjukehus og avgrensa utsikter til behandling i heimen. Komplikasjonar under fødselen kan gjere at du må flyttast over frå heimen til sjukehus.

Hovudårsaka til overflytting frå heimen til sjukehus er langsam framgang i fødselen. Risiko for uventa komplikasjonar er større for førstegongsfødande kvinner, enn for kvinner som tidlegare har hatt ukompliserte fødslar.

Jordmor bør orientere deg om korleis dei sikrar tryggleik og førstehjelp ved planlagd heimefødsel. Når den planlagde heimefødselen startar, skal jordmora vurdere:

  • om fødselen er til termin
  • om det framleis er låg risiko for komplikasjonar for deg og barnet i samband med fødselen og i barseltida
  • om du framleis ønskjer å føde heime

Lag skriftleg avtale med jordmor

Du må sjølv kontakte og gjere ein avtale med ei jordmor som kan hjelpe til ved fødselen heime hos deg. Avtalen bør vere skriftleg, og bør inngåast i god tid før fødselen finn stad.

Avtalen kan innehalde:

  • kor mykje du skal betale
  • kor mange svangerskapskontrollar du skal ha
  • når jordmor skal vere tilgjengeleg
  • kva for tenester jordmor skal yte, til dømes:
    • bistand under fødsel
    • barselomsorg
    • svangerskapsomsorg
  • at jordmor følgjer deg til fødeinstitusjon dersom det blir nødvendig å overføre deg under eller etter fødselen

Dersom det viser seg at du ikkje bør føde heime, kan det også stå i avtalen at jordmor søkjer fødeplass ved eit sjukehus du har valt.

Jordmor bør orientere deg om:

  • din rett til sjølvråderett, informasjon og medverknad
  • jordmor si teieplikt
  • jordmor si plikt til strakshjelp
  • jordmor si plikt til å be om hjelp frå anna helsepersonell ved behov

Barnet sine rettar ved heimefødsel

Det nyfødde barnet har ein sjølvstendig rett til helsehjelp på lik linje med barn fødde på fødeinstitusjonar. Jordmora skal leggje til rette for at det blir gjennomført helseundersøkingar av det nyfødde barnet.

Jordmora skal også gjere fastlege og helsestasjon kjende med fødselen, slik at barnet får nødvendig oppfølging gjennom helsekontrollar og deltaking i vaksinasjonsprogrammet.

Foreldra har rett til informasjon og medverknad ved helsehjelp til barnet.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Planlagd heimefødsel . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 6. januar 2023 [henta laurdag 20. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fodsel/hjemmefodsel/

Sist oppdatert fredag 6. januar 2023