Eingongsstønad ved heimefødsel

Når du har fødd heime, kan du få eingongsstønad frå Helfo.

Hender som holder bena til et spedbarn

Kvinner som føder heime, har rett til eingongsstønad ved heimefødsel (fødsel utanfor institusjon). Eingongsstønaden er på 3260 kroner for 2023 (3091 kroner i 2022). Du kan ikkje få denne stønaden dersom fødselen skjer i ambulanse.

Helfo må ha teke imot søknaden seinast innan seks månader etter fødselsdatoen til barnet.

Send søknad til Helfo

Du kan søkje om eingongsstønad etter heimefødsel ved å bruke digitalt skjema.

Du må leggje ved ei stadfesting frå helsepersonell på at du har fødd heime.

 

Papirskjema

Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet, kan du i staden fylle ut

Send søknaden til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.

Fullmakt ved Helfo-henvendelser

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Ettersending av dokumentasjon

Dersom du må ettersende dokumentasjon, går du frem på følgende måte når du har logget deg inn i Altinn:

  • Velg «Tilleggsopplysninger til søknad/fullmakt» fra rullegardinmenyen under «Hva gjelder innsending»/ «Innsendingen gjelder».
  • Under «Tilleggsopplysninger» velger du «Etterspurt dokumentasjon».
  • Det er svært viktig at du fyller inn referansenummeret til din eksisterende sak. Da kan vi behandle saken din raskere. Referansenummeret kan for eksempel se slik ut: «22/0000».

Innhaldet er levert av Helfo

Sist oppdatert laurdag 1. juli 2023