Organ som kan donerast er hjarte, lever, bukspyttkjertel, lunger, nyrer og tarm.
Organdonasjon kan skje frå ein person som nyleg er død, eller frå ein levande donor. Levande givar blir i Noreg nytta ved å gi bort ei nyre eller deler av levra.
Korleis bli organdonor?
Om du ønskjer å vere organdonor, er det viktig at dine næraste pårørande kjenner til det.
Det finst ulike måtar å skaffe seg eit donorkort på.
Digitalt donorkort
Du kan opprette eit digitalt donorkort i kjernejournalen din. Det gjer du ved å logga deg inn på Helsenorge.
Du kan også laste ned appen "donorkort". Då får du kortet på smarttelefonen din:
Fysisk donorkort
Viss du vil ha eit fysisk donorkort, kan du skriva det ut. Du finn kort du kan laste ned her (pdf).
Du kan også bruke kortet i brosjyren "Organdonasjon – redder liv", som du finn på apotek og legekontor.
På kortet og i appen fører du opp namnet på to personar som er informerte om standpunktet ditt. Desse kan til dømes vere familie, vener, kollegaer, fastlege eller naboar. Dei må vere over 18 år.
Kven kan bli organdonor?
Organdonasjon frå død donor
Alle kan seie ja til å vere donor, uavhengig av sjukdomar, alder eller medisinbruk. Skulle donasjon bli aktuelt etter nyleg død, vil det gjerast ei medisinsk vurdering for å sjå om organa er eigna for transplantasjon.
Organdonasjon frå levande donor
Transplantasjon av nyre frå levande donor har ein lang tradisjon i Noreg. For pasientar med svært alvorleg nyresvikt, er transplantasjon av nyre frå levande donor medisinsk sett den beste helsehjelpa. Det gir best resultat både når det gjeld overleving, livskvalitet og funksjonstida til nyra.
Dersom du blir nyredonor, gir du bort éi av dei to nyrene dine. Kroppen kan fungere normalt med berre éi nyre.
Kven kan bli levande organdonor?
Valet om å bli levande organdonor skal skje på eit fritt grunnlag. Både givar og mottakar skal få brei informasjon om kva organdonasjonen inneber på kort og lang sikt før valet blir teke.
Sjå her for meir infomarsjon om levande gjevar av nyre (oslo-universitetssykehus.no)
Kvar skjer transplantasjon i Noreg?
I Noreg er det ein landsdekkande transplantasjonsteneste ved Oslo universitetssykehus HF, Rikshospitalet, og 28 godkjende donorsjukehus.
Kvifor er organdonasjon viktig?
Organdonasjon reddar liv. Det står heile tida fleire hundre menneske på venteliste for eit nytt, livreddande organ i Noreg. Organdonasjon er for mange menneske einaste utveg frå ein dødeleg sjukdom.
Behovet for organ aukar, og målet er at fleire menneske som treng det, skal få tilbod om organtransplantasjon.