Alkohol og helse

Å drikke alkohol aukar risikoen for ei rekkje helseskadar, blant anna kreft og hjarte- og karsjukdomar.

Små mengder alkohol inneber vanlegvis liten skaderisiko for friske personar. Risikoen for helseskader aukar både med kor ofte og mye du drikk, og kor høg promille du har. Det er også store forskjellar frå person til person når det gjelder risiko for helseskadar.

Basert på eit samla vitenskapeleg grunnlag, er det ikkje mogleg å fastsette ein helsemessig trygg nedre grense for inntak av alkohol.

Alkohol og akutte helseskadar

Drikk du slik at du blir rusa, aukar risikoen for at du skadar deg sjølv eller andre, eller utsett deg for ulykker. Svært høg promille kan vere farleg i seg sjølv fordi pustesenteret i hjernen kan hemmast. Dette kan vere døyeleg. I tillegg er sjansen for at du skader deg sjølv eller nokon andre mykje større dersom du er svært påverka.

Ei overvekt av valdstilfella i Noreg er alkoholrelatert. Mange melde valdtekter er òg festrelaterte.

Langsiktige helsekonsekvensar

Sjølv ved å drikke små mengder alkohol dagleg, aukar risikoen for fleire helseskadar og sjukdomar. Dette gjeld blant anna fleire kreftformer, høgt blodtrykk, hjerneslag og leversjukdom.

Høgt forbruk av alkohol over tid aukar risikoen for sjukdomar i hjernen og i nervesystemet, høgt blodtrykk, hjerneslag, fleire former for kreft, leversjukdomar, betennelse i bukspyttkjertelen og hjartearytmi.

Kor mykje du må drikke for å ta skade av det, varierer frå person til person.

Etter lengre tids drikking kan du bli meir tolerant, og må drikke større mengder for å oppnå same effekt.

Avhengig av alkohol

Bruk av alkohol over tid aukar risikoen for utvikling av alkoholavhengnad. Alkoholavhengnad, tidlegare kalla alkoholisme, utviklar seg fordi gjenteken drikking kan gje ei langvarig funksjonsforstyrring i hjernen, som igjen aukar behovet for å drikke.

Avhengnad er ofte forbunde med kontrolltap, manglande evne til å slutte sjølv om du veit at det er skadeleg, og sosiale og familiære problem.

Alle kan utvikle avhengnad, men risikoen for å bli avhengig varierer stort frå person til person. Det finst inga sikker nedre grense for kor mykje og kor ofte du må drikke for å utvikle avhengnad, spesielt dersom du er disponert for dette.

Abstinensplager ved alkoholbruk kan vere

  • sug etter alkohol
  • manglande evne til å kjenne glede
  • søvnforstyrringar
  • angst
  • forvirring
  • kvalme og oppkast, eller
  • hovudverk

Toleranseutviklinga og dei akutte abstinensplagene vil forsvinne dersom du er fråhaldande nokre veker.

Ved svært langvarig bruk kan du byrje å reagere uventa sterkt på små mengder alkohol. Dette kjem av alvorlege skadar på lever og hjerne.

Test alkoholvanane dine

Er du uroa for alkoholvanane dine? Test alkoholforbruket ditt med Drikkestatus.

Drikkestatus er eit verktøy som byggjer på det internasjonalt anerkjende verktøyet AUDIT C.

Sjekk om du drikk for mykje alkohol (Av-og-til)

RUSinfo

915 08 588

Monday-Friday from 11:00 to 18:00

Ring eller chat med RUSinfo helt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.

Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk (Akan)

Informasjon, støtte og veiledning til pårørende

Blå Kors

Blå Kors forener frivillig innsats på rusfeltet med profesjonelt behandlingsarbeid

Oslo Universitetssykehus, Virkninger av alkohol på sentralnervesystemet og kroppen forøvrig. [Internett]. Oslo: Oslo Universitetssykehus, avdeling for rettsmedisinske fag; 2017 [hentet  2019-07-04]. Tilgjengelig fra: https://oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-og-regionale-tjenester/rettsmedisinske-fag/alkohol-og-rusmidler/virkninger-av-alkohol-pa-sentralnervesystemet-og-kroppen-forovrig 

Helsedirektoratet. Referanseverdier for energi og næringsstoffer. Oslo: Helsedirektoratet; 22.11.2023

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Alkohol og helse. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, November 22, 2023 [retrieved Wednesday, May 29, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/alkohol/alkohol-og-helse/

Last updated Wednesday, November 22, 2023