Kaloriar i øl, vin og brennevin

Alkohol har fleire kaloriar enn anna drikke og tilfører ingen næringsstoff. Alkohol inneheld, slik som sukker, det ein kallar «tomme kaloriar».

Kroppen prioriterer forbrenning av alkohol. Det betyr at samstundes som kroppen jobbar på spreng for å kvitte seg med alkoholen, set han nedbrytinga av karbohydrat og feitt på vent. I tillegg blir reguleringa av blodsukkeret forstyrra, noko personar med diabetes bør ta spesielt omsyn til.

Les meir om kva som skjer i kroppen når du drikk alkohol.

Kaloriar i øl, vin og anna drikke

Ei standard alkoholeining inneheld ca. 12 gram alkohol. Eksempel på ei alkoholeining er:

  • Ei flaske (33 cl) pils på 4,5 vol %
  • Eit glas vin (12,5 cl) på 12 vol %
  • Eit glas sterkvin (7,5 cl) 20 vol %
  • Eit glas brennevin (4 cl) 40 vol %

Storleiken på glaset har mykje å seie:

  • Ein halvliter øl = 1,5 eining alkohol
  • Eit stort glas vin (17,5 cl) = 1,5 eining alkohol
Kjelde: Matvaretabellen
​​​Type alkohol/alkoholfri drikke Kaloriinnhald
kcal per 100 g 
Ca kaloriinnhald
kcal per eining​
​Likør, 35 vol-% alkohol ​313 ​125
​Brennevin, 40 vol-% alkohol ​244 ​98
​Vin, raud, 12 vol-% alkohol ​74 93
​Vin, kvit, tørr, 12 vol-% alkohol ​68 ​85
​Sider, 4,5 vol-% alkohol ​59 ​195
​Eplejuice​ ​43 ​142
​Brus ​42 ​139
​Øl, 4,7 vol-% alkohol ​41 ​135
​Øl, alkoholfritt ​24 ​79
​Brus, kunstig søta, light, lett ​0 ​0
​Vatn med kolsyre ​0 ​0

Hugs at det ikkje er berre sjølve mengden alkohol (etanol) som har noko å seie for kaloriinnhaldet, også dei andre ingrediensane i drikken kan innehalde mange kaloriar. Til dømes inneheld likør særleg mykje sukker.

Alkohol har tomme kaloriar

Alkohol tilfører ingen næringsstoff til kroppen, men ganske mange kaloriar. Alkohol inneheld fleire kaloriar per gram enn både karbohydrat og protein, og nesten like mange som feitt.

Eit lite glas raudvin (1,2 dl) inneheld for eksempel rundt 80 kcal (kilokaloriar), og eit glas øl (0,33 liter) inneheld 130 kcal. Til samanlikning inneheld eit lite glas friskpressa eplejuice (utan tilsett sukker) ca. 42 kcal og eit glas alkoholfritt øl ca. 79 kcal.

Høg alkoholprosent gir fleire kaloriar

Det er ikkje like mange kaloriar i all alkohol. Dess høgare alkoholprosent, dess fleire kaloriar. Brennevin har høgast alkoholprosent og derfor flest kaloriar. Alkoholfritt øl har berre halvparten av kaloriane i vanleg pils, og derfor færre kaloriar enn brus.

RUSinfo

915 08 588

Monday-Friday from 11:00 to 18:00

Ring eller chat med RUSinfo helt anonymt, og få svar på det du lurer på om rus.

​Matportalen.no. Matvaretabellen 2018. [Internett]. Oslo: Mattilsynet; 2018 [hentet 2019-07-04]. TIlgjengelig fra: https://www.matvaretabellen.no/drikke-g9

Content provided by The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Kaloriar i øl, vin og brennevin. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, April 5, 2022 [retrieved Thursday, April 18, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/alkohol/kalorier-i-ol-vin-brennevin/

Last updated Tuesday, April 5, 2022