Når fostervatnet går

Fostervatnet er den væska som fosteret ligg i inne i livmora di. Mistenkjer du at fostervatnet har byrja å lekke, skal du alltid ta kontakt med fødeavdelinga der du skal føde.

Høygravid kvinne

Illustration: iStockphoto

Kva er fostervatn

Fostervatnet er viktig for barnets utvikling og fungerer som eit vern for barnet. Nokre av dei viktigaste funksjonane til fostervatnet er å:

  • Vere ein støytdempar for barnet mot trykk og slag og hindre at navlesnora kjem i klem.
  • Vere ein barriere mot bakteriar og hindre infeksjonar.
  • Bidra til modning av barnets organ, spesielt lungene
  • Gje rom for bevegelse
  • Halde barnets temperatur stabil

Mengda av fostervatn varierer mellom 0,5 – 1,5 liter og vert litt redusert på slutten av svangerskapet. Ei ultralydundersøking kan gje informasjon om mengda av fostervatn. Nytt fostervatn vert produsert heile tida, også etter at vatnet har gått.

Kva skjer når fostervatnet går?

Når fosterhinnene brest og vatn begynner å lekke eller renne ut via skjeden, seier vi at «vatnet går». Dette kan være en heilt normal start på fødselen. Startar fødselen med rier, er det vanleg at fostervatnet går under opningstida. Jordmor kan og ta hol på vatnblæra under fødselen.

Er det fostervatn?

Om du lekker frå skjeden, er det viktig å få konstatert om dette er fostervatn. Om holet i fosterhinnene er stort, renn det rikeleg med væske frå skjeden. Er holet lite, vil berre ei lita mengde fostervatn komme ut og mange opplever dette som at dei er fuktige nedantil.

Fostervatnet er ei klar tyntflytande væske, ofte litt uklar. Det er nesten luktfritt, med ei lett søtleg lukt av vatnet.

Mot slutten av svangerskapet har gravide kvinner auka mengde med utflod, og nokon lekker litt urin fordi livmora er stor og pressar mot urinblæra. Dette kan lett verte forveksla med fostervatn. Hugs at fostervatn er nærast luktfritt mens urin luktar, og at utflod har ein anna konsistens, ikkje så tyntflytande som fostervatnet. Om du har rier, kan vatnet få ein lett rosa farge. Dette er normalt og skuldast at blod frå livmorhalsen når den begynner å opne seg, vert blanda med fostervatn.

Når skal eg kontakte fødeavdelinga?

Du skal alltid kontakte fødeavdelinga di om du mistenkjer at vatnet har gått. Når du ringer vil du få informasjon om kva du skal gjere og avtale om når du skal kome til avdelinga. Om ikkje riene har starta, er dei fleste heime dei første timane etter fostervatnavgang.

Når i svangerskapet vatnet går, er avgjerande for vidare oppfylging og behandling.

Oppfylging når fostervatnet går:

Etter veke 37:

At vatnet går rundt termin er ein heilt normal start på fødselen som oftast kjem i gang innan eit døgn. Om ikkje fødselen kjem i gong av seg sjølv, vert han oftast sett i gong etter 24–48 timar etter at vatnet gjekk. Når du kontaktar fødeavdelinga, vil dei forklara deg når du skal komme til kontroll, kva du skal fylgje med på heime og når det vil verte aktuelt å sette fødselen i gong. Du vil få klar avtale om kor og når du skal komme dit.

Når du kjem til fødeavdelinga, vert du tatt imot av jordmor som vil stadfeste om vatnet har gått. Om det er stor tvil, kan ein ta ein kjemisk test frå skjeden for å vise om det er fostervatn der. Åpninga vil berre verte undersøkt om ein trur at fødselen er i gang. Elles ventar ein med vaginale undersøkingar fordi ein er redd for infeksjonar hos barnet når vatnet har gått.

Både du og barnet vil verte nøye undersøkt, og om alt er normalt og om fødselen ikkje har starta av seg sjølv, kan du reise heim etter den første kontrollen. Du vil få avtale om oppfylginga vidare. Om riene startar av seg sjølv heime, ringer du fødeavdelinga for å avtale når du skal komme inn.
Du skal alltid kontakte fødeavdelinga dersom:

  • Vatnet endrar farge, særleg om det vert grønt eller brunt eller det kjem blod
  • Du får feber eller følar deg sjuk
  • Du får konstante magesmertar
  • Om det er lite liv.

Når det vert aktuelt å sette i gong fødselen, kjem mellom anna an på korleis barnet har det, om det er teikn på infeksjon og kor moden, open og klar livmorhalsen din er for fødsel.

Les meir om dei ulike metodane som vert nytta for igangsetting av fødselen.

Før veke 37

Om fostervatnet går før veke 37, skal du innleggjast fødeavdelinga direkte, og der vert det laga ein individuell plan for oppfylging og behandling. Du vil tett oppfylging, og få antibiotika i blodåra.

Går vatnet før uke 34 vil du også få 2 sprøyter for lungemodning hos barnet. Dersom fødselen ikkje startar av seg sjølv og det ikkje er teikn på infeksjon, kan ein vente med igangsetting heilt til veke 37. Fødeavdelinga vil vurdere om du kan vere noko heime etter dei første dagane.

Barnet kan være levedyktig frå veke 23. Om vatnet går før veke 23, er det alvorleg og vidare oppfylging vil verte drøfta med deg på sjukehuset.