Kva er ein forstua ankel?

Ein forstua ankel oppstår når leddbanda som stabiliserer ankelleddet blir skada. Dette skjer ofte ved at foten blir bøygd innover og leddbanda på utsida av ankelleddet blir overbelasta. Dette kan til dømes skje under løping eller når du går i ulendt terreng.  

Symptom på forstua ankel

Dei vanlegaste symptoma er:   

  • smerte i ankelen
  • hevelse
  • blåmerke
  • smerter når du står eller går på foten 

Når bør du oppsøke helsepersonell

Kontakt fastlege eller legevakt dersom: 

  • du er ute av stand til å stå eller gå på foten 
  • du har sterke smerter når du trykker på ankelknoklane eller midt på foten
  • ankelen er svært hoven, misdanna eller kjennast ustabil
  • du har nummenheit, prikking eller ein kald fot
  • plagene ikkje blir betre etter nokre dagar 

Du kan trenge røntgen for å utelukke brot. 

Behandling

Førstehjelp ved forstua ankel 

Dei første 1–2 døgna etter skaden: 

  • Avlast ankelen ved å halde han i ro
  • Du kan kjøle ned i 10–20 minutt fleire gonger dagleg (bruk alltid noko mellom is og hud) 
  • Bruk elastisk bandasje for å redusere hevelse
  • Hald foten heva når du kviler 

Når smerta tillèt det, bør du byrje med forsiktig rørsle og gradvis belastning. Dette fremjar tilheling og reduserer stivleik. 

Medisinar 

Du kan bruke smertestillande ved behov. Paracetamol er ofte førsteval. 

Betennelsesdempande medisinar (som ibuprofen) kan vere aktuelt i kort tid, men bør brukast med varsemd og kun viss helsa  tillèt det. 

Fysioterapi 

Fysioterapi kan vere aktuelt ved meir alvorlege skader eller viss plagene trekker ut i tid og du har vanskar med å kome i gang med belastning av foten.  

Opptrening inneber: 

  • bevegelse
  • balanse
  • styrketrening 

Dette er viktig for å få tilbake normal funksjon og redusere risiko for ny skade. 

Operasjon 

Det er sjeldan behov for operasjon. Nokre få med langvarige plager og ustabil ankel kan ha nytte av operasjon. 

Prognose

Den forstua ankelen blir som regel  heilt bra igjen. 

Etter ei mild forstuing kan du ofte gå normalt igjen etter 1–2 veker. Ved meir alvorleg skade kan det ta 4-6 veker. Det er vanleg at hevelsen kan vare i fleire veker, og hos nokre i lengre tid.  

Du har auka risiko for å trakke over på nytt dei første månadene etter skaden. Balansetrening, støtte (bandasje eller ortose) og sko som gir god støtte rundt ankelen kan redusere risikoen.

Emergency medical care

113

If you think the condition is dangerous or could easily become so, you should immediately call the emergency medical number 113.

Emergency clinic

116 117

Call the emergency medical service when you need urgent help or if your GP is not available.

Open 24 hours a day.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Forstua ankel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, August 17, 2026 [henta Friday, September 4, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/forstehjelp/behandling-av-skader/forstuet-ankel/

Sist oppdatert 17. August 2026

Did you find what you were looking for?