Vegetarisk kosthald
Lær meir om korleis du dekkjer behovet for næringsstoff, set saman måltid for barn og gravide og får laga raske, sunne rettar.
Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilarbeidd kjøt og raudt kjøt.
Illustration: Lisa Westgaard / Tinagent
Med raudt kjøt meiner vi kjøt frå svin, storfe, sau og geit. Det er uklart om raudt kjøt frå andre artar, for eksempel elg, reinsdyr, rådyr og hjort, har same helseeffekt som raudt kjøt frå storfe, svin, sau og geit.
Avgrensinga på 500 gram per veke inkluderer reint raudt kjøt og tilarbeidde produkt av raudt kjøt. Mengda på 500 gram er oppgitt som spiseferdig kjøt, det vil seie at det er ferdig tillaga og utan skinn og bein osv.
Lær meir om korleis du dekkjer behovet for næringsstoff, set saman måltid for barn og gravide og får laga raske, sunne rettar.
Kostrådet om kjøt er basert på nasjonal, nordisk og internasjonal forsking som konkluderer med dette:
Kjøt er ei viktig kjelde til protein, A- og B-vitamin og til mineralstoffa sink og jern. Eit moderat inntak av magre kjøtprodukt kan derfor med fordel inngå i kosthaldet.
Å ete kjøt kan òg vere viktig for å oppretthalde ein god jernstatus, spesielt hos kvinner, som treng meir jern enn menn.
Spis fisk til middag to til tre gangar i veka. Bruk òg gjerne fisk som pålegg.
Illustration: Lisa Westgaard / Tinagent
Saltpartnerskapet er eit samarbeid mellom myndigheitene og dagligvarebransjen for å redusere saltinntaket i befolkninga.
Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer (bygger på systematiske kunnskapsoppsummeringer nasjonalt og internasjonalt, konkluderer med konkrete kostråd, beskriver metoden og det vitenskapelige grunnlaget)
Anbefaling om kosthold, ernæring og fysisk aktivitet (norsk versjon av Nordic Nutrition Recommendation (pdf))
Den internasjonale forskningen på kosthold og helse er omfattende, og ingen enkeltstudie er nok til å endre anbefalingene.
Content provided by The Norwegian Directorate of Health
Last updated Thursday, December 15, 2022