Kva er verkestoff?

Alle medisinar inneheld eitt eller fleire verkestoff.

Verkestoff er stoffet som betrar helsetilstanden din, eller held deg frisk.

Verkestoff kan ha lange og vanskelege namn. Derfor kjenner mange medisinen betre på merkenamnet.

Eit eksempel er verkestoffet acetylsalisylsyre. Det finst i fleire medisinar, mellom anna:

  • Aspirin
  • Albyl-E
  • Acetylsalisylsyre Actavis

Slik verkar medisinen i kroppen

For at medisinen skal gi den effekten du ønskjer, må verkestoffet komme trygt fram til den rette staden i kroppen din.

Nokre medisinar har lokal effekt direkte i magen eller tarmen. Andre må først bli tatt opp i blodet ditt før dei kan ha effekt. Dette blir kalla systemisk effekt.

Korleis medisinen blir teken opp i kroppen, kjem blant anna an på hjelpestoffet.

Kva er hjelpestoff?

Hjelpestoff er stoff som blir tilsette i medisinen for å hjelpe verkestoffet.

Hjelpestoff kan til dømes:

  • halde tabletten saman
  • beskytte medisinen mot magesyre
  • hjelpe kroppen med å ta opp medisinen
  • påverke kor raskt medisinen verkar

Hjelpestoffet kan også gjere medisinen lettare å svelgje eller gi han betre haldbarheit.

Nokre hjelpestoff beskyttar magen

Nokre medisinar har hjelpestoff som gjer at tabletten ikkje løyser seg opp i magesekken, men i tarmen lenger ned.

Dette kan redusere biverknader knyttet til verkestoffet sin verknad lokalt i magesekken.

Til dømes blir Albyl-E løyst opp i tarmen i staden for i magesekken. Det kan vere meir skånsamt for magen enn medisinar som løyser seg opp med ein gong.

Andre medisinar løyser seg raskt opp. Då blir verkestoffet raskare tilgjengeleg for kroppen.

Er hjelpestoff trygge?

Hjelpestoff skal ideelt sett ikkje ha medisinsk effekt eller gi biverknader.

Mange hjelpestoff blir også brukte i matvarer, og fleire finst naturleg i mat.

Alle medisinar blir godkjende av styresmaktene før dei kjem for sal.

Allergi og overfølsamheit

Nokre hjelpestoff kan gi problem for personar med allergi eller overfølsamheit.

Dette kan til dømes vere:

  • laktose (mjølkesukker)
  • enkelte fargestoff
  • konserveringsmiddel

Desse stoffa skal nemnast i pakningsvedlegget og på merkinga (tabletteska, augedropeflaska, og så vidare).

Då kan du enklare sjå om medisinen inneheld noko du skal vere forsiktig med.

Kor finn du informasjon om innhaldet i medisinen?

Du finn informasjon om innhaldet i medisinen i pakningsvedlegget.

Der står både verkestoff og hjelpestoff lista opp.

Mange hjelpestoff har også eit eige E-nummer. Det kan gjere det lettare for deg å sjå kva for stoff som er medisinen du brukar.

Innholdet er levert og kvalitetssikret av Direktoratet for medisinske produkter (DMP)

Direktoratet for medisinske produkter (DMP). Kva består medisinar av?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, June 30, 2026 [hentet Wednesday, July 1, 2026]. Tilgjengelig fra: https://www.helsenorge.no/en/medisiner/kva-bestar-medisinar-av/

Sist oppdatert 30. June 2026

Did you find what you were looking for?