Dame som er på apotek

Illustrasjon: Morten Rakke / Helfo

Kva kan du få dekt? 

Helfo kan gi bidrag til dekning av utgifter til kremar, salvar, gel og oljar ved betydelege og kroniske hudaffeksjonar som fører til uttørking av huda. 

Helfo kan òg gi bidrag til dekning av utgifter til såpefrie reinseprodukt til bruk ved hudlidingar med uttørka og skadd hud. Helfo kan ikkje gi bidrag til dekning av serum. 

Behovet blir rekna som kronisk når det er venta å vare i to år eller meir. 

Frå og med 1. januar 2026 må produkta vere kjøpte på apotek eller hos bandasjist i Noreg. 

Når du har betalt meir enn 2293 kroner i eit kalenderår (2213 kroner i 2025), kan du søke om å få dekt 90 prosent av utgiftene som overstig eigendelstaket på 2293 kroner. Denne eigendelssummen inngår ikkje i frikort-ordninga for helsetenester. 

Du kan få bidrag til dekning av utgifter til hydrokolloide sårplater ved okklusjonsbehandling, så lenge det ikkje er den kommunale helse- og omsorgstenesta som utfører behandlinga.  

Medisinsk forbruksmateriell og legemiddel ved iktyose frå 1. januar 2026  

Frå 1. januar 2026 får du ikkje lenger dekt utgifter til medisinsk forbruksmateriell og legemiddel ved iktyose gjennom bidragsordninga. Du kan få stønad til medisinsk forbruksmateriell ved moderat til alvorleg iktyose på blå resept § 5 bokstav g. Legemiddel ved iktyose kan dekkast etter blåreseptforskrifta §§ 2 og 3. Det er legen din som må skrive ut blå resept og søkje Helfo på vegner av deg.

Pasientar med psoriasis og sklerodermi / systemisk sklerose kan få enkelte kremar på blå resept 

Dersom du har psoriasis eller sklerodermi/systemisk sklerose, kan legen din søke Helfo om at du får enkelte kremar på blå resept. Ordninga gjeld individuell stønad etter blåreseptforskrifta § 3. Det er ikkje krav om at søknaden blir send av spesialist. 

Det er viktig at legen skriv ut ein blå resept. Du betaler eigendel som tel med i oppteninga til frikort for helsetenester. 

Desse kremane kan legen søkje om for pasientar med psoriasis:

  • Canoderm krem 500 gram
  • Curemid krem 500 gram
  • Karbamidkrem 500 gram
  • Canomini krem 500 gram
  • Oviderm krem

Hvis du har psoriasis eller sklerodermi / systemisk sklerose, kan legen din søke Helfo om at du får enkelte kremer på blå resept. Ordningen gjelder individuell stønad etter blåreseptforskriften § 3. Det er ikke krav om at søknaden sendes av spesialistlege. 

Det er viktig at legen rekvirerer en blå resept. Du betaler egenandel som teller med i opptjeningen til frikort for helsetjenester.

Disse kremene kan lege søke om for pasienter med psoriasis:  

  • Canodermkrem 500 gram 
  • Curemidkrem 500 gram 
  • Karbamid krem i 500 gram 
  • Canominikrem 500 gram  
  • Ovidermkrem 

Desse kremane kan legen søkje om for pasientar med sklerodermi/systemisk sklerose:

  • Canoderm krem 500 gram
  • Curemid krem 500 gram
  • Karbamidkrem 500 gram
  • Oviderm krem

Det er legen din som må vurdere om du oppfyller vilkåra for å få kremar på blå resept. 

Endringa inneber at du ikkje lenger får refusjon gjennom bidragsordninga (folketrygdlova § 5-22) for desse kremane. Dette gjeld òg andre pakningsstorleikar av dei same produkta. 

Du treng ei legeerklæring 

Før du søker om å få dekt utgiftene dine første gong, må Helfo ha fått tilsend ei legeerklæring frå

  • ein spesialist i hudsjukdommar, barnesjukdommar eller frå tilsvarande sjukehusavdeling eller frå ein lege ved brannskadeavsnittet ved Haukeland sjukehus (inkludert avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering) eller
  • ein spesialist i barnesjukdommar eller 
  • ein lege ved tilsvarande sjukehusavdeling 

Du må sende inn ny legeerklæring frå spesialist kvart tredje år, og når du har behov for nye produkt eller større mengder enn vedtaket ditt omfattar. 

Legeerklæringa må dokumentere at du har ei utbreidd og kronisk hudliding som fører til uttørking av huda. 

Spesialisten fyller ut skjemaet på vegner av deg.

Legeerklæringa må innehalde desse opplysningane:

  • Namnet ditt, adressa di og fødselsnummeret ditt
  • Diagnose, med informasjon om kor utbreidd lidinga er
  • Kva produkt du skal bruke (spesialisten må oppgi fullt namn på produkta som skal brukast)
  • Omtrent totalt forbruk av salvar, kremar, gel og oljar per år. Det er ikkje tilstrekkeleg at spesialisten berre oppgir «etter behov» eller tilsvarande.
  • Stadfesting på at behovet for behandling er venta å vere varig
  • Grunngiving for behovet for magistrelt tilverka produkt (produkt som blir tilverka på apoteket) 

Send søknad til Helfo 

Du kan søke om å få refundert utgifter til kremar, salvar, gel og oljar ved å bruke digitalt skjema. Hugs at Helfo først må ha mottatt ei legeerklæring frå spesialist. 

Du søker om refusjon ved å sende spesifiserte kvitteringar til Helfo.

Ei spesifisert kvittering må innehalde:

  • produktnamn
  • mengd
  • pris
  • kjøpsdato
  • namn på forhandlar 

Helfo kan godta faktura i staden for kvittering dersom det òg blir sendt inn stadfesting på at utgifta er betalt. Dersom du har handla på nettapotek og manglar gyldig kvittering, må du kontakte nettapoteket for å få kvitteringa. 

Du må sende søknaden med kvitteringar til Helfo seinast innan 30. juni året etter at du hadde utgiftene. 

Saksbehandlingstida hos Helfo er opptil åtte veker for desse søknadene. 

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet vårt, kan du i staden fylle ut kvitteringsskjemaet og sende det inn saman med originale, spesifiserte kvitteringar til Helfo, Postboks 2415, 3104 Tønsberg.  

Papirskjema

Det kan være lurt å ta ein kopi av originalkvitteringane før du sender dei. 

Saksbehandlingstid for refusjon av kremar, salver og oljer og svar på søknad 

Saksbehandlingstida hos Helfo for søknader om dekning av kremar, salvar, gel og oljar ved betydelege og kroniske hudlidingar med uttørking av huda er normalt opptil åtte veker. 

Helfo sender vedtaket i saka di til innboksen din på Helsenorge (eller til den digitale postkassa di dersom du brukar Digipost eller e-Boks). Dersom du ikkje bruker digitale løysingar, sender vi posten til den folkeregistrerte adressa di. 

Ettersending av dokumentasjon

Du må legge ved alle nødvendige opplysningar når du sender inn søknaden. Då behandlar Helfo saka di så raskt vi kan.

  • Har Helfo har bedt deg ettersende dokumentasjon, eller har du har gløymt å sende oss viktige opplysningar? Send kvitteringar, erklæringar, fullmakter eller liknande via lenka under. 
  • Det er svært viktig at du fyller inn i Altinn saksnummeret til di eksisterande sak. Då kan vi behandle saka di raskare. Saksnummeret kan for eksempel sjå slik ut: «26/0000». 

Fullmakt ved kontakt med Helfo 

Kontaktar du Helfo på vegne av andre, må du ha fullmakt.

Les meir om korleis du kan ordne fullmakt ved kontakt med Helfo.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helfo

Helfo. Betaling for kremar, salvar, gel og oljar ved betydelege og kroniske hudlidingar med uttørking av huda. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Thursday, April 16, 2026 [henta Sunday, August 30, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/payment-for-health-services/betaling-for-kremer-salver-gel-og-oljer-ved-betydelige-og-kroniske-hudlidelser-med-uttorring-av-huden/

Sist oppdatert 16. April 2026

Did you find what you were looking for?