Eddik kan gi etseskade

Eddik til matlaging (7–10 %) har irriterande effekt, medan eddikessens (35 %) er sterkt etsande på auge, slimhinner og hud. Skyl med vatn med ein gong ved søl på hud eller auge. Ved eddikessens i munnen, ring 113. Ved søl på hud og auge kan du skylje medan du ringjer Giftinformasjonen for råd.

Eddik i butikkhylle

Mindre farlege eddikprodukt står ofte side om side med sterkare eddik i butikken.

Eddiksyre kan gi etseskader 

Eddik er ei syre og kan vere etsande slimhinner og hud. Vanleg hushaldningseddik 5–7 % gir sjeldan meir enn lette symptom. Eddikessens er ei løysning 35 % eddiksyre. Denne er sterkt etsande og kan gi alvorlege symptom. 

Eddikessens kan gi alvorlege etseskader 

Symptom ved uhell med eddikessens 

Ved uhell med eddikessens kan det oppstå alvorlege etseskadar i auge, hud eller slimhinner. Det er fare for hevelsar i svelg og pustevanskar.

Førstehjelp ved svelging av eddikessens  

  • skyl munnen.  
  • drikk 1-2 dl vatn. 
  • ring 113. 
  • skyl munnen med store mengder vatn. 

Førstehjelp ved søl av eddikessens i auget 

  • Skyl straks med rennande, lunka vatn i 30–60 minutt.  
  • Fjern eventuelt kontaktlinser forsiktig.  
  • Ring legevakt (116117) medan du skyl.  

Førstehjelp ved søl av eddikessens på hud  

  • Skyl godt med rennande, lunka vatn i 30–60 minutt.  
  • Ring Giftinformasjonen medan du skyl grundig. 
  • Ved sår eller blemmer, kontakt lege.  

Mateddik kan gi irritasjon    

Ved svelging 

  • Irritasjonssymptom kan oppgstå i munnhòle, svelg og magesekk.  
  • Drikk litt. 
  • Sjå an heime ved lette mageplager. 

Ring Giftinformasjonen ved meir enn lette symptom eller det er drukke større mengder ufortynna mateddik.  

Ved søl i auga  

Du kan oppleve raudne og irritasjon i auga.  

  • Skyl auga grundig under rennande vatn i 15 minutt. 
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved.

Contact the Norwegian Poisons Information Centre if you suspect a poisoning

22 59 13 00

The phone service is open 24 hours a day.

In case of severe symptoms call:

113

For healthcare professionals

Treatment recommendations for acute poisonings, prepared by the Norwegian Poison Information Centre.

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Eddik kan gi etseskade. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Monday, October 16, 2023 [retrieved Sunday, May 5, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/mat-og-drikke/eddik/

Last updated Monday, October 16, 2023