Gløgg

Tillaging av gløgg i kokekar av kopar kan føre til mild koparforgifting.

Bilde av gløgg i glasskopp med kanel

Gløgg kan føre til forgifting dersom du bruker feil kokekar.

Årsak til koparforgiftinga

Gløgg er ein sur drikk (låg pH-verdi). Dersom du varmar opp gløgg i kokekar som er samansett av kopar eller kjelar med koparbelegg på innsida (typisk vatnkjele som ikkje er vaska jamleg), vil gløggen løyse opp koparen som så blir frigjort til drikken/gløggen.

Det same vil òg skje dersom andre sure næringsmiddel blir oppvarma på same måte.

Symptom ved koparforgiftinga

  • Kopar verkar irriterande på slimhinna i mage/tarm og kan gi kvalme, oppkast og diaré.
  • Symptoma kjem ofte raskt, allereie​ ti minutt etter inntak.
  • Sjølv små mengder kopar kan gi symptom. ​

Førstehjelp ved koparforgiftinga

  • ​Behandlinga er som ved ein vanleg omgangssjuke. Det viktigaste er å få i seg nok væske (drikke godt).
  • Kontakt lege dersom symptoma blir kraftige eller langvarige.

Kokeutstyr som bør unngåast

  • ​Koparkjelar som er samansette av kopar.
  • «Vatnkjelar»: Kjelar som blir brukte til koking av vatn, og som ikkje blir vaska jamleg. Desse vil etter kvart få eit koparbelegg på innsida på grunn av førekomst av kopar i drikkevatnet.
  • Vatnkokarar: Varmeelementa og spiralane inne i kokaren kan vere laga av kopar, i tillegg til at det kan avsetjast koparbelegg.

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Gløgg. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, May 26, 2021 [retrieved Sunday, May 5, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/mat-og-drikke/glogg/

Last updated Wednesday, May 26, 2021