Nærbilete av fleire crassula-planter i potter. Plantene har grøne, tjukke blad med ulik form og storleik.

Crassula omfattar mange artar sukkulentar med ulik form og storleik. Felles kjenneteikn er tjukke blad som lagrar vatn.

Kva bør du gjere etter uhell med crassula?

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen.
  • Gi litt drikke.
  • Har du fått plantesaft på huda, skyll huda godt med vatn.
  • Har du fått plantesaft i auget, skyll auget med lunka vatn i nokre minutt.

Skildring av crassula-artar

Crassula er ei planteslekt som omfattar mange ulike artar av sukkulentar. Artane varierer i storleik og form, men dei fleste har tjukke, kjøtfulle blad som lagrar vatn. Blada kan vere runde, ovale eller smale, og fargen varierer frå lys til mørkt grøn. Nokre artar har raude eller raudlege kantar på blada.

Fleire crassula-artar blir dyrka som potteplantar. Den mest kjende arten er pengetre (Crassula ovata), som har tjukke, blanke blad og etter kvart kan utvikle ein kraftig, treliknande stengel. Andre artar kan vere låge og krypande eller vekse som små buskar.

Sjølv om artane kan sjå ulike ut, er det felles for slekta at plantene er sukkulentar som lagrar vatn i blad og stenglar. Dette gir dei eit karakteristisk kjøtfullt og saftig preg.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Er crassula giftig?. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, August 25, 2026 [henta Friday, September 4, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/crassula/

Sist oppdatert 25. August 2026

Did you find what you were looking for?