Er dieffenbachia (prikkblad) giftig?

Dieffenbachia, også kalla prikkblad eller bitterblad (Dieffenbachia spp.) er ein plante som inneheld sterkt irriterande plantesaft. Dei fleste uhellsinntak hos barn kan sjåast an heime. Kontakt Giftinformasjonen dersom barnet ditt har smakt på diffenbachia.

Plantene har grønne blad med prikker eller tegninger i hvitt, lysegult eller lysegrønt.

Dieffenbachia kan gi symptom om ein et han eller ved søl av plantesaft i auga.

Symptom ved forgifting med dieffenbachia

Ved svelging:

  • svie i munn og svelg
  • magesmerter
  • kvalme
  • oppkast
  • diaré
  • blemmer i munnen 

Ved sprut/søl i auga 

  • svie 
  • raudne 

Førstehjelp ved forgifting med dieffenbachia

Ved svelging​: 

  • Fjern eventuelle planterestar frå munnen. 
  • Gi litt drikke. 
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har smakt på dieffenbachia. 

Ved sprut/søl i auga: 

  • Skyl auget i 5–15 minutt. 
  • Kontakt lege dersom symptoma varer ved. 

Skildring av dieffenbachia

Dieffenbachia er stoveplantar som til dømesDieffenbachia picta. Plantane har grøne blad med prikkar eller teikningar i kvitt, lysegult eller lysegrønt. 

Plantene har grønne blad med prikker eller tegninger i hvitt, lysegult eller lysegrønt.

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Er dieffenbachia (prikkblad) giftig?. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, January 12, 2023 [retrieved Thursday, April 25, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/dieffenbachia/

Last updated Thursday, January 12, 2023