Eikenøtter

Eik er eit tre i eikeslekta (Quercus spp.). Nøtter frå eiketreet inneheld irriterande forbindingar.

Grønne nøtter på kvist med grønne taggete blader.

Eikenøtter inneheld irriterande forbindingar, som kan gje symptom frå magen ved inntak.

Illustration: Esa Lahteenmaki / Mostphotos

Symptom ved forgiftning med eikenøtter

  • ​Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast
  • Forstoppelse

Førstehjelp ved forgiftning med eikenøtter

  • Fjern eventuelle restar frå munnen.
  • Gje litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom du har inntatt meir enn 5–10 eikenøtter.

Skildring av eikeslekta

Eikeslekta i Noreg består av sommareik, vintereik og raudeik. Hybrid innan slekta kan og forekome. Sommareika har blada festa nær greinene, medan vintereika har stilka blader.

Hos nøttene er det omvendt: nøttene til vintereika sitt rett på greina, medan nøttene til sommareika er stilka.

Eikeløv i brun, grønn og gul farge med avrundede fliker

Illustration: Mostphotos.com

Tre avlange, runde,  lysebrune nøtter i klase

Illustration: Mostphotos.com