Symptom ved forgifting med fredlaus
Fredlaus er ei ufarleg plante, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.
Førstehjelp ved uhell med fredlaus
- Fjern eventuelle planterestar frå munnen
- Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen
Skildring av fredlaus
Fredlaus er ei fleirårig urt som kan bli opptil 150 cm lang. Stengelen er dunhårete. Blomane har 5–7 gule flikar, og begerkantar med raude kjertlar og hår i kanten. Bløminga skjer frå juni til august.
Fredlaus er vanleg å finne på fuktig, litt næringsrik torv eller mineraljord. Han finst òg i sumpskog, vatn, strender, bekkekantar, fukteng, grøfter og vegkantar. Fredlaus blir dyrka i hagar og forvillar seg lett.