Georgine

Georgineslekta (Dahlia spp.) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Felles for georginer er at alle er lite farlege å smake på.

En gul/oransje georgine med dyp farge i kjernen

Felles for georginer er at alle er lite farlege å smake på.

Symptom ved forgiftning med georgine

​Georgine er ei lite farleg planteslekt, og vi forventar ikkje symptom om du tek ein liten smak.

Førstehjelp ved uhell med georgine

  • Fjern planterestar frå munnen.
  • Gi gjerne litt å drikke for å fjerne restar eller ubehageleg smak frå munnen.

Skildring av georgine

Georgine er eit kompleks av hagehybridar mellom artar frå Mexico. Plantene er fleirårige, men klarer seg ikkje gjennom vinteren. Blada er motsette på skaft. Korgene er store og variable, ofte fylt med gule, kvite, rosa eller fiolette blomar.

Gul georgine med mange kronblad

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Georgine. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, May 5, 2021 [retrieved Thursday, April 25, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/georgine/

Last updated Wednesday, May 5, 2021