Pinselilje inneheld irriterande plantesaft

Pinselilje (Narcissus poeticus) inneheld irriterande plantesaft. Løken inneheld mest av dei irriterande stoffa. Å smake litt på ei pinselilje er ikkje farleg, men kontakt Giftinformasjonen dersom barnet har ete av løken eller større mengder av planta.

Blomsten har hvite blomsterdekkblader og gul bikrone med rød kant.

Symptom ved forgifting med pinselilje

  • ​Magesmerter
  • Kvalme
  • Oppkast og/eller diaré

Førstehjelp ved forgifting med pinselilje

  • ​Fjern eventuelle planterestar frå munnen og gi litt drikke.
  • Kontakt Giftinformasjonen (22 59 13 00) dersom barnet ditt har ete litt av løken eller større mengder plantemateriale av pinselilje.

Beskriving av pinselilje

​Pinselilje er ei løkplante som ofte blir 20–50 cm høg. Frå løken veks det 4–5 linjeforma blad og eit stivt skaft med éin blome. Blomen har kvite blomedekkblad og ofte gul bikrone med raud kant. Pinselilje blømer i april–mai.

The Norwegian Poison Information Centre offers a helpline to provide assistance when needed

22 59 13 00

24-hour telephone line

Content provided by The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Pinselilje inneheld irriterande plantesaft. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, August 18, 2021 [retrieved Saturday, April 27, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/planter-og-bar-a-a/pinselilje/

Last updated Wednesday, August 18, 2021