Pumpeflaske med bodylotion på et baderom

Kremar og bodylotion er lite farleg å smake på ved uhell.

Kva skal du gjere dersom nokon har svelgt hudkrem?

  • Gi litt å drikke for å skylje bort kremrestar og vond smak.
  • Ved ein liten smak eller eit lite uhellsinntak kan du sjå an situasjonen.
  • Kontakt lege dersom det oppstår kraftige eller langvarige symptom frå mage eller tarm.
  • Kontakt Giftinformasjonen dersom produktet har spesielle eigenskapar, som kuldeeffekt eller varmeeffekt.

Kva symptom kan oppstå?

Vanleg hudkrem, bodylotion og handkrem kan gi milde og forbigåande symptom frå mage og tarm, som:

  • kvalme
  • oppkast
  • diaré

Symptoma går vanlegvis over av seg sjølv.

Kva gjer du dersom du får hudkrem i auget?

Vanleg hudkrem kan irritere auget og gi:

  • svie
  • tåreflod
  • raud augekvite

Førstehjelp ved sprut i auget

  • Skyl auget med rennande, lunka vatn i nokre minutt.

Kontakt lege ved kraftige eller langvarige symptom.

Kva inneheld hudkremar?

Vanlege hudkremar, bodylotionar og handkremar består hovudsakleg av feittstoff og andre stoff som gir fukt og konsistens.

Nokre produkt har spesielle eigenskapar, som kulde- eller varmeeffekt. Slike produkt kan innehalde stoff som kan gi forgifting ved svelging.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Poisons Information Centre

The Norwegian Poisons Information Centre. Hudkrem, bodylotion og handkrem . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, November 23, 2026 [henta Tuesday, November 24, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/poison-information/produkter-og-kjemikalier/kroppspleieprodukter/hudkrem-bodylotion-handkrem/

Sist oppdatert 23. November 2026

Did you find what you were looking for?