Pengespel (gambling) og pengespelproblem
Pengespel er alle typar spill der det blir satsa pengar sjølv om risikoen for tap er stor. Alt frå skrapelodd og lotto til digitale speleautomater på utenlandske nettsider, er pengespel. For nokon kan pengespel føre til avhengnad og store økonomiske problem.
Kva er pengespelavhengnad?
Speleavhengnad er ei psykisk liding som blir kjenneteikna ved ei ukontrollerbar trong til å spele, trass i alle negative konsekvensar.
Teikn på at du kan vere avhengig av pengespel
- Pengespel er ein dominerande aktivitet i livet ditt. Tankar om spel, odds, bonusar og neste innsats tar stor plass i kvardagen.
- Du brukar pengespel for å oppleve spenning og «kick», eller for å dempe uro, stress eller ubehag.
- Du brukar stadig større pengesummar for å oppnå same spenning.
- Du blir uroleg, irritert, sint eller stressa når du ikkje får spele.
- Etter forsøk på å slutte eller redusere spelinga, fell du tilbake til gamle mønster, ofte med høg pengebruk.
- Spelinga skapar store økonomiske problem og fører til konfliktar med dei rundt deg.
Eit anna typisk kjenneteikn ved speleavhengnad er eit sterkt behov for å vinne tilbake tapte pengar. Mange får òg ei feilaktig tru på at dei snart vil vinne, særleg når dei opplever såkalla nesten-gevinstar. Nesten-gevinstar er ein strategi som spelbransjen brukar for å halde spelarane inne i spelet.
Tankefeller som gjer det vanskeleg å slutte å spele
Mange som får problem med pengespel, utviklar tankar og feilslutningar som gjer det vanskelegare å slutte. Å overvurdere eigne ferdigheiter, undervurdere risiko for tap og å misforstå korleis slump fungerer, er klassiske tankefeller som held oppe spelinga.
Døme på tankefeller:
- Du trur at ei lang rekke tap vil følgast av ein siger (gamblar’s fallacy / feiltanken til spelaren).
- Du trur at du kan påverke utfallet av eit spel ved til dømes å bruke lykketal, følge bestemde ritual eller trykke på noko på ein bestemd måte (Illusjon av kontroll).
- Du hugsar spel du har vunne mykje tydelegare enn dei du har tapt (selektivt minne).
Les meir om pengespelavhengnad på Blåkors sine sider.
Psykiske helseplager og pengespel
Mange som har problem med pengespel, strever òg med andre utfordringar som angst, depresjon og ADHD. Slike vanskar er vanlege òg ved andre former for avhengnad.
Råd for å unngå at spelinga blir eit problem
- Avgjer kor mykje tid og pengar du skal bruke før du begynner å spele.
- Ikkje lån pengar for å spele.
- Aldri spel for meir enn du har råd til å tape.
- Snakk om spelevanane dine med nokon du stolar på.
- Søk økonomisk rådgiving om du mistar kontrollen.
I Canada har myndigheitene utvikla tre konkrete råd for pengespeling med låg risiko:
- Bruk mindre enn ein prosent av fast inntekt per månad på pengespel
- Delta i pengespel maks fire dagar i månaden
- Delta i maks to ulike typar pengespel
Risikoen for å utvikle problematisk speling aukar om du overstig éi eller fleire av desse grensene.
Treng du nokon å snakke med?
Om du er bekymra for om du eller nokon du kjenner spelar for mykje, er det fleire du kan snakke med.
Du kan ringe anonymt til Hjelpelinjen for spilleavhengige på telefon 800 800 40. Du kan og bruke chat eller skrive e-post post@hjelpelinjen.no.
Brukar- og pårøyrandeorganisasjonen Spillavhengighet Norge har fleire hjelpetilbod. Du kan ringe hjelpetelefonen dykkar (477 00 200) eller sende e-post til kontakt@spillavhengighet.no.
Behandling av spelavhengnad
Blå Kors spillavhengighet tilbyr fjernbasert behandling med ukentlige telefonsamtaler med en fast terapeut.
Helse Bergen tilbyr e-Behandling for pengespelavhengige. Du kan ta direkte kontakt med begge uansett kor i landet du bor.
Du kan og kontakte fastlegen for hjelp og eventuell tilvisning til behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta.
Her finn du oversikt over kvar du kan få hjelp, og dessutan informasjon om forventa ventetid for behandling i spesialistheilsetenesta. For å få behandling i desse tilboda må du ha tilvising frå lege eller anna helsepersonell.
Ventetider for behandling
Under finn du informasjon om forventa ventetid for behandling i spesialisthelsetenesta.
Pengespel i Noreg
I Noreg deltar fire av fem i ei eller anna form for pengespel i ei eller anna grad. Om lag 23 000 har speleproblem, medan cirka 93 000 er i risikosona. Samla tapar nordmenn fleire milliardar kroner i året på pengespel.
Den norske pengespelmarknaden er sterkt regulert. Føremålet med reguleringa er å redusere faren for at dei som spelar skal utvikle pengespelproblem. Innførte tiltak er blant anna
- blokkering av internasjonale nettsider for pengespel
- forbu mot marknadsføring frå utanlandske spelselskap
- samarbeid med bankar
- avgrensing av tapsmoglegheiter hos Norsk tipping
Trass i reguleringa, er det mange som tapar mykje pengar til internasjonale spelselskap, og talet stig. Samtidig blir nye typar pengespel, plattformer og kanalar stadig utvikla.
Les meir om kven som har lov til å tilby pengespel i Noreg hos lotteritilsynet.
Dataspill (gaming) og avhengighet
Mange bruker mye tid på dataspill (gaming). For noen kan spillingen bli problematisk.
Griffiths, Mark, 2005: A ‘components’ model of addiction within a biopsychosocial framework. Publisert i Journal of Substance Use (pdf), 10(4), 191–197.
Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health
Sist oppdatert 26. February 2026