Såre brystknoppar når du ammar

Det er vanleg å kjenne ømheit i brystknoppane dei første dagane etter fødsel, men amming skal ikkje gjere vondt. Vedvarande smerter eller sår er som regel teikn på at barnet ikkje har godt nok sugetak.

Få hjelp tidleg

Dersom det gjer vondt kvar gong du ammar, eller brystknoppane sprekk og du får sår, bør du be om hjelp så tidleg som mogleg. Kontakt helsestasjonen eller ein annan person med god kunnskap om amming. Dei kan observere korleis barnet diar og hjelpe deg med å finna årsaka til kvifor du har vondt. 

Saman kan de finne ei ammestilling og ein måte å leggja barnet til brystet på som hjelper barnet å få eit djupare og meir behageleg tak. Når barnet har eit godt tak, ligg brystknoppen langt bak i munnen til barnet, opp mot den mjuke ganen. Viss barnet berre får tak ytst på brystet, blir belastninga på brystknoppen stor og kan føre til smerte og sår.

Teikn på dårleg sugetak

  • Smerter under og etter amming 
  • Kvit, flat eller kileforma brystknopp etter amming 
  • Langvarige ammingar og liten vektoppgang hos barnet 
  • Eit barn som verkar uroleg eller utilfreds under og etter måltidet

Sjå ein video om korleis barn kan få godt sugetak.

Kva kan du gjere sjølv?

Det finst ting du kan gjere sjølv for å lindre, men dei har liten effekt viss barnet held fram med å die med eit dårleg tak. Såra vil som regel ikkje gro før barnet får eit godt tak i brystet.

  • Vask såret med reint vatn dagleg – ikkje bruk såpe på brysta 
  • Ha reine hender og unngå å ta direkte på såret 
  • Såre brystknoppar utan sprekkar eller opne sår kan lufttørkast
  • Ved opne sår, brukar du ein skumbandasje som ikkje festar seg og som held såret fuktig, så det gror lettare. 
  • Ei feit salve berekna på brystknoppar kan lindre smerte. Den skal ikkje smørjast direkte i såret, men rundt sårkanten og eventuelt på skorper. Ver merksam på at alle salver og kremar kan gi hudreaksjonar. 
  • Handmjølking eller pumping kan avlaste ved behov 

Prøv ulike ammestillingar – til dømes kan ein tilbakelent ammestilling hjelpe.  Start gjerne med det brystet som gjer minst vondt. Når utdrivingsrefleksen er i gang, går det ofte lettare å amme på det vonde brystet.  

Ikkje kort ned på amminga for å skåne brystet utan samtidig å stimulere brysta på ein annan måte. Sjølv om det gjer vondt, er det viktig å halde oppe mjølkeproduksjonen ved å amme, handmjølke eller bruke pumpe.

Du kan bruke paracetamol mot smertene. Om nødvendig kan du kombinere det med ibuprofen, hvis du toler det. 

Helsedirektoratet har ikkje tilstrekkeleg dokumentasjon til å kunne tilrå bruken av sølvkoppar eller brystskjold ved såre brystknoppar.

Når sår ikkje vil gro

Viss såret ikkje blir betre sjølv etter at barnet har fått godt sugetak, kan det vere infeksjon. Då bør du kontakte helsestasjon eller fastlegen din for å ta ein prøve av såra og brystmjølka di for å undersøkje om det er bakteriar der.

Teikn på mogleg infeksjon

  • Sår som ikkje gror 
  • Gulaktig eller illeluktande væske frå såret 
  • Stikkande eller verkande smerter i brystet både under og etter amming

The Norwegian Food Safety Authority (Mattilsynet)

Advice on safe food and drink during pregnancy, and information on breastfeeding (in norwegian).

Landsforeningen 1001 dager

Mental health during pregnancy and after giving birth.

Trygg mammamedisin

Get advice from professionals about safe medication use during pregnancy and breastfeeding. The service is free of charge.

Zanzu

Information about pregnancy, childbirth and the postnatal period in Arabic, English, Farsi, French, Norwegian, Polish, Somali, Tigrinya and Turkish aimed at immigrants and others with a short period of residence in Norway.

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Såre brystknoppar når du ammar. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, July 28, 2025 [henta Thursday, August 14, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/spedbarn/infant-food-and-breastfeeding/saare-brystknopper/

Sist oppdatert Monday, July 28, 2025