Astma hos vaksne

Astma er ein sjukdom i luftvegane. Med rett behandling er det gode sjansar for å halde symptoma under kontroll.

Kva er astma?

Astma er ein tilstand som gjer det vanskeleg å puste. Dei små luftvegane i lungene blir betente og blir forsnevra og gjer det vanskelegare å puste luft inn og ut.

Astma kan kome av ein reaksjon på partiklar i lufta, som til dømes støvmidd, pollen og dyrehår. Andre utløysande årsaker til astma er tobakksrøyk, luftforureining, kulde, trening eller sjukdom i luftvegane, som til dømes ei forkjøling. 

Dei fleste vaksne med astma har hatt tilstanden sidan dei var barn, men nokon blir ramma seinare i livet.

Symptom på astma hos vaksne

Vanlege symptom på astma er at du kjenner deg tett i brystet og tung i pusten. Pipelydar når du pustar, er òg vanlege. Eit anna symptom kan vere hoste. Nokon opplever forverring av symptoma når dei ligg.

Symptoma kan variere frå dag til dag, og du kan i periodar ha få eller ingen symptom.

Alvorlege astmaanfall er sjeldne, men dersom du opplever kraftige pustevanskar, bør du ringe 113 for akutt hjelp.

Behandling av astma hos vaksne

Føremålet med behandlinga er å dempe symptoma når dei oppstår og førebygge nye anfall.

Hurtigverkande inhalator

Den vanlegaste behandlinga er ein hurtigverkande inhalator (korttidsvirkande adrenerg beta2-agonist) som skal brukast ved symptomforverring av astma og tung pust. Det er vanleg å ta eit par inhalasjonar når symptoma oppstår. Har du tung pust sjeldnare enn tre gongar i veka eller berre ved trening, kan dette vere tilstrekkeleg behandling.

Preparata gir vanlegvis ingen biverknadar, men du kan oppleve ei svak skjelving, spesielt på hendene.

Du bør alltid ha inhalatoren tilgjengeleg. Fargen på ein hurtigverkande inhalator er vanlegvis blå.

Kortisoninhalator

Viss du plagast av astma oftare enn to gongar i veka, kan legen anbefale deg ein kortisoninhalator (beklometason, budesonid og flutikason). Kortisonliknande stoff er betennelsesdempande midlar, og utgjer grunnmedisineringa ved langtidsbehandlinga av astma.

Det finst mykje god forsking som viser at kortisoninhalatorar kontrollerer astma, gir betre søvn og reduserer behovet for den hurtigverkande inhalatoren. Ved å bruke ein kortisoninhalator regelmessig kan du òg redusere sjansane for alvorlege astmaanfall og innlegging på sjukehus.

Ny forsking trekker i retning av at det kan vere mogleg å kombinere kortisoninhalasjon med bronkieutvidande midlar og bruke det ved behov. Dette kan vere eit alternativ for personar med mild astma.

Bruk av kortisoninhalasjon kan gjere deg hås og aukar sjansen for soppbelegg i munnhulen (trøske). Derfor bør du gurgle bort medisinrestar med vatn rett etter bruk.

Kortisonpreparat kan likevel ikkje stoppe eit astmaanfall som allereie er starta. Til det verkar dei for sakte. Viss du får ei brå forverring, må du bruke den hurtigverkande inhalatoren.

Kortisoninhalasjon førebyggar astmasymptom på lengre sikt. Kortisoninhalatorar er ofte brune, men også raude, beige og oransje. Dei fleste blir brukte éin eller to gongar dagleg.

Dersom du ikkje har hatt problem med astma på nokon månadar, kan kortisondosane trappast ned.

Det finst andre typar inhalatorar og tablettar som også verkar førebyggande. Legen skriv som oftast ut desse legemidla i tillegg til kortisoninhalasjon når det er nødvendig.

Dosering

Astma blir behandla trinnvis avhengig av kor alvorleg astmaen er når du søker hjelp. Dersom den noverande behandlinga di ikkje er optimal, må du i ein periode trappe opp behandlinga ved å ta ein høgare dose kortisoninhalasjon eller eit anna legemiddel i tillegg. Av og til blir tablettbehandling anbefalt med kortison.

Det er viktig å trappe opp raskt ved forverringar. Då blir forbruket av medisinar mindre på lang sikt. Når astmasymptoma er under kontroll, kan behandlinga trappast ned igjen. Legen skal alltid leite etter den lågaste moglege dosen som gir god symptomkontroll.

Du kan be om ein skriftleg plan for dosering av medisinane avhengig av kor alvorleg astmaen er. Dette kan gjere det lettare å kontrollere symptoma og justere medisinane om nødvendig. Legen kan føreslå at du brukar ein PEF-målar heime.

Ein PEF-målar kan på ein meir objektiv måte avgjere om lufta passerer normalt gjennom luftvegane eller ikkje. Du kan skrive ned resultata over ein periode før ein legetime. Legen kan rettleie deg korleis du skal utføre PEF-målingar. Med vellykka behandling vil PEF-verdiane vere stabilt gode. PEF-målaren kan du få på blå resept.

Korleis bruke ein astmainhalator?

Det finst fleire inhalatortypar. Dei vanlegaste frigir ein fast dose kvar gong du brukar dei. Bruksmåten varierer, så det beste er å lese bruksrettleiinga nøye slik at du får rette vanar frå start av.  Er du i tvil, finst det instruksjonsvideoar på internett. Legen og apotek kan òg gi deg instruksjon.

Viss du har vanskar med å bruke inhalatoren, bør du seie det til ein lege. Ho kan føreslå ein annan type inhalator som er lettare å bruke.

Få hjelp til rikitg bruk av inhalator i apotek

Bruker du inhalatoren riktig?

Riktig bruk av inhalatoren er viktig for deg som har astma eller kols. Er du usikker på hvordan du bruker inhalatoren, kan du få hjelp på apoteket.

Illustration: Martin Grevstad / Apotekforeningen

Sjølvhjelp og råd

Å lære mest mogleg om astma kan gjere det lettare å få god kontroll på tilstanden. Du kan få god rettleiing av fastlegen, og nokon går på kurs i regi av lokalsjukehuset. Du finn òg informasjon hos Norges astma- og allergiforbund (naaf.no)

Påverknadar heime eller utandørs kan forverre eller utløyse astma. Forureina luft, pollen, støvmidd, sigarettrøyk og kjæledyr er døme på dette. Det er lurt å unngå utløysande faktorar så langt det leit seg gjere. Viss mogleg bør du fjerne den utløysande faktoren frå heimen. Er du allergisk mot støvmidd kan hyppig vask i heimen, innreiing med enkle møblar og tregolv i staden for teppe hjelpe. Slike tiltak er spesielt viktige på soverommet.

Du kan òg prøve å hugse kva som har utløyst astmaanfall tidlegare, for å førebygge nye anfall. Var det til dømes ein luftvegsinfeksjon, kan du trappe opp medisineringa etter avtale med legen din neste gong du merkar dei første symptoma på ein infeksjon.

Pust Deg Bedre

«Pust Deg Bedre» er ein app som hjelper lungesjuke. Appen brukes i samarbeid med fysioterapeut.

Dei fleste får god hjelp av behandlinga mot astma og kan leve eit aktivt liv. Astma er vanlegvis ikkje livstruande, men det finst framleis vaksne som døyr av astma. Dersom du opplever at symptoma blir forverra, som til dømes at du vaknar oftare om natta, bør du kontakte lege.

Opplever du eit anfall der symptoma raskt kjem ut av kontroll, bør du ringe legevakt eller 113 snarast. Får du tidleg hjelp kan du unngå ei eventuell innlegging på sjukehus.

Astma- og allergiforbundet

23 35 35 35

Monday-Friday from 09:00 to 14:30

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsomhetssykdommer.

LHL Astma og allergi

22 79 90 00

Monday-Friday from 08:00 to 16:00

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.

Astma hos voksne. Helsebiblioteket.no, 2024.

Asthma in adults: what is it? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Asthma in adults: what treatments work? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Astma hos vaksne. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, February 28, 2024 [retrieved Thursday, October 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/astma-og-allergi/astma-hos-voksne/

Last updated Wednesday, February 28, 2024