Akutt medisinsk hjelp
113Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.
Dei fleste barn blør naseblod frå tid til anna. Som oftast kan ein stanse naseblødinga ved at barnet lenar seg litt framover og klemmer nasevengane mot naseskiljeveggen i fem minutt.
Blodårene i nasen er tynne og skjøre, og kan blø lett. Barn kan blø naseblod etter eit fall eller eit slag mot nasen. Dersom barnet har sterke smerter i nasen eller blør mykje etter ein skade, bør du oppsøkje lege, som kan vurdere om nasen er brekt.
Enkelte barn blør ofte naseblod. Spesielt om dei pillar seg i nasen, har ein framandlekam eller ein infeksjon i nasen. Brukar barnet nasespray med kortison mot allergi, kan også dette føre til naseblødingar.
Enkelte naseblødingar oppstår av seg sjølve utan openberr grunn. Svært sjeldan kan nasebløding komme av ein godarta tumor (ein svulst som ikkje er kreft). Det er svært uvanleg at naseblødingar er teikn på alvorleg sjukdom.
Dei fleste naseblødingar kan lett bli behandla heime med enkel førstehjelp. Ved gjentatte blødingar kan du oppsøkje lege. Legen kan undersøkje om det er ei spesiell årsak til naseblødinga, og vurdere kva slags behandling barnet treng.
Enkelte barn pillar seg i nasen fordi dei har eit sår framme på naseskiljeveggen. Dette såret bør ein behandle med sårsalve. Antiseptiske salver eller antibiotikasalver kan smørjast på såret med veslefingeren morgon og kveld til det har grodd.
Dersom såret kjem tilbake, bør heile innsida av nasebora behandlast med sårsalve. Hjelper ikkje dette, kan legen etse blødingspunktet med sølvnitrat.
Barn som nettopp har blødd naseblod, bør ikkje snyte seg kraftig.
Nasebløding kan vere ubehageleg, særleg om det skjer ofte. Det er vanlegvis lett å stoppe.
Dei fleste barn sluttar å blø naseblod når dei blir tenåringar.
Neseblødning hos barn. Helsebiblioteket, 2022.
Nosebleeds in children (PDF). Originalbrosjyrer fra BMJ Best Practice, 2022.