Vitamin B12-mangel

Vitamin B12-mangel kan gjere deg blodfattig. Det inneber at blodet ikkje er i stand til å frakte oksygen rundt i kroppen så godt som det burde. Langvarig B12-mangel kan òg gi permanente skadar på nervesystemet. Vitamin B12-mangel blir behandla med vitaminpiller eller injeksjonar.

Kva er vitamin B12-mangel?

Kroppen din treng vitamin B12 for å halde seg frisk. Vitaminet finst hovudsakleg i animalske produkt som kjøt, fisk, mjølk, ost og egg. Du finn det òg i gjærekstrakt.

Enkelte får ikkje nok vitamin B12 gjennom maten dei et, eller dei får rikeleg, men tarmen syg det ikkje opp på rett måte. Dette fører til vitamin B12-mangel.

Symptom på vitamin B12-mangel

Enkelte kan få små hudblødinger eller irritasjonar i munnvikane (angulær chelitt). Dei fleste som blir dianostisert er blodfattige (har ein anemi). Dersom B12-mangelen har gjort deg blodfattig, kan du få desse symptoma:

  • trøyttheit
  • tung pust
  • hjartebank

Vitamin B12-mangel over lang tid kan påverke nervesystemet. Vanlege symptom er desse:

  • nummenheit eller prikking i fingrane eller tæra
  • nedsett evne til å kjenne vibrasjonar i føtene
  • gangvanskar

Nokre utviklar

  • alvorleg svekking av krafta i armar og bein
  • krampetendens (spastisitet)
  • kognitiv svekking

Eller ein rekke andre nevropsykiatriske symptom.

Risikofaktorar og førebygging av vitamin B12-mangel

Du kan vere i faresona for å få vitamin B12-mangel dersom du

  • Er over 60 år gamal
  • Er veganar eller vegetarianar
  • Har gjennomgått ein mage- eller tarmoperasjon
  • Har hatt ein tilstand som blir kalla atrofisk gastritt, som forårsakar betennelse i magen
  • Har Crohns sykdom eller cøliaki som forårsakar betennelse i tarmen
  • bruker legemiddel som hindrar kroppen i å absorbere vitamin B12, for eksempel antiepileptika, reseptpliktige syrenøytraliserande legemiddel, protonpumpehemmarar eller metformin

Enkelte utviklar B12-mangel på grunn av ein tilstand som blir kalla for pernisiøs anemi. Ved pernisiøs anemi angrip immunsystemet dei cellene i kroppen som produserer eit stoff som heiter intrinsic factor. Utan intrinsic factor kan ikkje kroppen absorbere nok vitamin B12 frå maten.

Du kan ta ein blodprøve for å sjekke nivået av vitamin B12.

Behandling av vitamin B12-mangel

Tilrådingar for sunne B12-nivå varierer frå land til land. I Storbritannia tilrår ein eit inntak på 1,5 mikrogram vitamin B12 per dag, mens ammande kvinner treng 2 mikrogram. Dei fleste får denne mengda frå maten dei et.

Veganarar og vegetarianarar blir tilrådde å ta vitamin B12-tilskot dagleg eller å ete matvarer som er berika med vitamin B12. Berika matvarer kan vere gjærekstrakt, vegetabilsk protein, soyamjølk, solsikkemargarin og frukostblandingar. Sjekk varedeklarasjonen for å vere sikker.

Dersom du har gjennomgått ein tarm- eller mageoperasjon (til dømes slankeoperasjon), må du ta vitamin B12-tilskot. Det kan òg hende du må ta regelmessige blodprøvar for å sjekke vitamin B12-nivået.

Døme på medisinar som blir brukte i behandlinga, er hydroksokobalamin og cyanokobalamin. Dosen blir bestemt ut ifrå symptoma, alvorsgrad og absorpsjonsevna.

Dersom du har alvorleg anemi eller skade på nervesystemet, treng du vitamin B12-injeksjonar. Desse blir gitt omtrent tre gonger i veka i cirka to veker. Med injeksjonane får du bygd opp eit lager av vitamin B12 i kroppen. Etter dette må du ta injeksjonar med nokre månaders mellomrom for å hindre tilbakefall.

Dersom symptoma ikkje er alvorlege eller ein blodprøve viser at du har lite vitamin B12, kan du prøve vitamin B12-kosttilskot (1–2 mg) i tablettform. Etter 2 månader kan du ta nye blodprøvar og avgjere rett dose eller injeksjonsbehandling. I praksis får dei fleste injeksjonsbehandling (sprøyte i setemuskulatur) frå starten av, og går så over til tablettbehandling.

Nokre få pasientar har samtidig mangel på folsyre. Dette kan betrast med folsyretablettar. Ved mangel på begge vitamina må begge manglane behandlast. Dersom du berre korrigerer folinsyremangelen, kan B12-mangelen føre til at nerveskadane blir verre (fare for subakutt kombinert spinal degenerasjon).

Prognose ved vitamin B12-mangel

Anemi forårsaka av vitamin B12-mangel kan behandlast med vitaminpiller eller injeksjonar. Har du allereie fått nerveskadar (for eksempel nedsett minne, gangvanskar eller nummenheit), er det ingen garanti for at skadane blir betre etter behandling. Diskuter med legen din om du bør tilvisast til nevrolog.

Vitamin B12-mangel kan gi alvorlege helseplager. Derfor er det viktig å følgje behandlingsråda du får av legen.

Vitamin B12-mangel. Helsebiblioteket, 2020.

Vitamin B12 deficiency. Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2023.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Vitamin B12-mangel. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Friday, November 3, 2023 [retrieved Friday, April 19, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/blod-og-lymfe/vitaminb12-mangel/

Last updated Friday, November 3, 2023