Utposing på hovudpulsåra – abdominalt aortaaneurisme

Dersom karveggen i hovudpulsåra i magen er svak, kan han begynne å bule ut og forårsake ei utposing på hovudpulsåra (aortaaneurisme). Dersom aneurismet blir stort, kan det briste og forårsake massive blødingar.

Kva er utposing på hovudpulsåra?

Abdominalt aortaaneurisme er ei utposing på hovudpulsåra (aorta) i magen. Aorta er hovudarteria som forsyner kroppen med blod. Ho er omtrent like tjukk som ein hageslange og går frå hjartet ned gjennom brystet og magen før ho forgreiner seg i mindre pulsårer.

Abdominale aortaaneurisme har ein tendens til å bli større over tid. Dei fleste veks sakte, men enkelte kan auke raskt i storleik. Dersom eit aneurisme er lite når det blir oppdaga, er det sjansar for at det aldri veks seg stort nok til å forårsake problem. Store aneurisme kan derimot vere farlege, sidan arterieveggen blir sett på strekk. Dersom veggen i aorta blir svært svak, kan han briste og forårsake massiv indre bløding. Dette er dødeleg for rundt 9 av 10 personar.

Symptom på utposing på hovudpulsåra

Du vil truleg ikkje merkje nokon symptom på eit abdominalt aortaaneurisme, men enkelte får smerter i magen, lysken eller ryggen. Dette kan vere eit teikn på at aneurismet snart kan briste.

Dei to vanlegaste måtane eit abdominalt aortaaneurisme blir oppdaga på:

  • Ved eit tilfeldig funn. Abdominale aortaaneurisme blir enkelte gonger funne gjennom testar som er gjort av andre årsaker, for eksempel ei ultralydundersøking. Dei kan òg bli oppdaga under ei rutinemessig fysisk undersøking når ein lege kjenner på magen, dersom pasienten er tynn og aneurismet er stort. Dersom legen mistenker eit aneurisme, blir du tilvist til ei ultralydundersøking.
  • Gjennom screening. Sidan eldre menn har høgare risiko for å få abdominalt aortaaneurisme, er det i enkelte land tilrådd å undersøkje menn mellom 65 og 75 år. Dette blir kalla for screening.
    Kvinner og yngre menn som er i risikogruppa, kan òg få tilbod om undersøking.

Er du diagnostisert med abdominalt aortaaneurisme, vil legen måle kor stort det er under ultralydundersøkinga.

Eit aneurisme blir rekna som stort dersom det er

  • over 5,5 cm i diameter for menn
  • over 5 cm i diameter for kvinner

Risikofaktorar og førebygging

Vi veit ikkje nøyaktig kva som gjer at aortaveggen blir svekt, men risikoen aukar dersom du er:

  • Mann: Dei har fire til seks gonger høgare risiko for å få abdominalt aortaaneurisme enn kvinner.
  • Eldre: Aneurisme er uvanleg før du er 55 år. Risikoen aukar med alderen. Opptil 10 av 100 menn i alderen 65 til 79 har abdominalt aortaaneurisme.
  • Røykar: Risikoen for å få abdominalt aortaaneurisme aukar dess lenger du har røykt.
  • Har éin eller fleire nære familiemedlemer med aortaaneurisme.

Behandling av utposing på hovudpulsåra

Dersom aneurismet er lite og ikkje forårsakar nokon symptom, er det liten risiko for at det vil briste, og legen vil derfor tilrå observasjon i staden for operasjon. Dersom aneurismet er stort, forårsakar symptom eller veks raskt, blir du truleg tilrådd planlagt kirurgi.

Observasjon

Under observasjon er det vanleg med ultralydundersøking for å sjekke storleiken på aneurismet og kor raskt det veks.

Kor ofte du blir undersøkt, avheng av kor stort aneurismet er. Dersom aneurismet er veldig lite, treng du kanskje berre ultralyd annakvart eller kvart tredje år. Men dersom det er større, kan legen tilrå ultralyd kvar sjette eller tolvte månad.

Når du er under observasjon, er dette viktig:

  • Røykeslutt. Røyking er knytt til raskare aneurismevekst. Å slutte å røyke kan bidra til å bremse denne veksten.
  • Blodtrykkskontroll. Dersom blodtrykket er høgt, bør det senkast med blodtrykkssenkande legemiddel.
  • Kolesterolkontroll. Dersom kolesterolet er høgt, kan det senkast med statinar. Dette er ei gruppe legemiddel som reduserer produksjonen av kolesterolet i kroppen.

Kirurgi

Kirurgisk behandling av abdominale aortaaneurisme tek sikte på å styrkje delen av aorta som bular, for å hindre at han sprekk. Det finst to typar reparasjonar, og begge kan fungere godt.

  • Endovaskulær behandling: Under denne operasjonen blir det plassert eit kunstig røyr (graft) inne i aneurismet. "Endovaskulær" tyder at operasjonen blir gjort gjennom blodårene ved hjelp av små verktøy og kamera. Ein kirurg gjer små kutt i lysken for å komme til store blodårer. Han bruker røntgenstrålar til å leie graftet gjennom blodårene og inn i aneurismet. Når graftet er på rett stad, festar kirurgen det med små krokar eller pinnar.
  • Open behandling: Dette er ein større operasjon der kirurgen opnar buken for å kome til aorta direkte. Kirurgen opnar deretter aneurismet og syr inn eit graft. Aneurismet blir deretter lukka med graftet innsydd.

Endovaskulær behandling er ein nyare type operasjon, men det blir stadig vanlegare, sidan det er ein mindre operasjon med raskare tilfrisking. I enkelte tilfelle rører derimot graftet på seg eller lek etter ei endovaskulær behandling, noko som krev ein ny operasjon. Som eit resultat blir det tilrådd regelmessige undersøkingar, for eksempel ultralyd eller CT-skanning, for å sjekke at alt fungerer. Dette inneber vanlegvis éi undersøking ein månad etter og éi undersøking 12 månader etter operasjonen, og deretter kvart femte år. Regelmessige undersøkingar er vanlegvis ikkje nødvendig etter ein open reparasjon.

Både endovaskulære og opne behandlingar kan enkelte gonger forårsake alvorlege komplikasjonar, som hjarte-/karproblem, blødingar og infeksjonar. For å førebygge hjarte-/karproblem kan du bli tilrådd å ta betablokkarar i dagane fram til operasjonen. Du får òg truleg antibiotika under og etter operasjonen for å forhindre infeksjon.

Abdominale aortaaneurisme gir sjeldan komplikasjonar, men dersom eit aneurisme sprekk, er sjansane små for å overleve. Det er derfor viktig å oppdage aneurisma tidleg, slik at du får oppfølging av legen.

Finn nærmeste hjertestarter

Sjekk kartet og finn nærmeste hjertestarter dersom noen får plutselig, uventet hjertestans

Akutt medisinsk hjelp

113

Tror du at tilstanden er farlig eller lett kan bli det, skal du straks ringe medisinsk nødtelefon 113.

Nasjonalforeningen for folkehelsen

23 12 00 50

Tjeneste for deg som trenger råd og informasjon om hjertesykdommer.

LHL

22 79 90 00

Medlemsorganisasjonen LHL jobber for mennesker med hjerte-, kar- og lungesykdom, allergi, hjerneslag, afasi, og deres pårørende.

Utposning på hovedpulsåren - abdominalt aortaaneurisme Helsebiblioteket, 2023.

Abdominal aortic aneurysm (pdf) Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2021.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Utposing på hovudpulsåra – abdominalt aortaaneurisme. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, March 28, 2023 [retrieved Friday, November 8, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/hjerte-og-kar/abdominalt-aortaaneurisme/

Last updated Tuesday, March 28, 2023