Raynauds fenomen
Raynauds fenomen er ein vanleg tilstand der fingrar og tær blir kvite og nomne, som oftast fordi du blir kald eller er stressa. Tilstanden blir òg kalla likfingrar.
Kva er Raynauds fenomen?
Raynauds fenomen er ein tilstand der blodårar, særleg i fingrar og tær, trekker seg unormalt kraftig saman i kulde eller ved stress.
Mellom 3 og 10 % av befolkninga har Raynauds fenomen. Tilstanden oppstår ofte når du er barn eller ung vaksen, og er mest vanleg hos kvinner.
Symptom på Raynauds fenomen
Vanlege symptom under eit anfall med Raynauds fenomen:
- Fingrane blir plutseleg kvite og kalde. Det kan òg gjelde tær, øyreflippar, nase, tunge og brystvorter. Dette kan vare frå få sekund til nokre minutt.
- Det er ein skarp grense mellom den kvite huda og den normale huda.
- Nokon får smerter, blir nomne eller får vanskar med å bevege bevege fingrar eller tær.
Fingrane kan etter kvart bli blå, fordi dei ikkje får nok oksygen. Når blodet kjem tilbake, kan dei bli raude, bankande og kan vere vonde i alt frå minutt til timar. Anfalla kan vere ubehagelege, men går som regel over av seg sjølv.
Kva er årsaka til Raynauds fenomen?
Raynauds fenomen kjem av at små blodårar trekker seg saman og stenger av for blodstraumen. Røyking og arbeid med vibrerande verktøy aukar sjansen for å bli ramma.
For dei fleste som har Raynaud fenomen har ikkje tilstanden samanheng med nokon sjukdom, men for eit lite mindretal kjem tilstanden av ein autoimmun bindevevssjuksom. Då er det typisk at tilstanden oppstår i vaksen alder, at fingrane blir blålege misfarga under anfall og at også tommelen blir påverka.
Raynauds fenomen kjem oftast tidleg i livet. Får du tilstanden etter førtiårsalderen, er det meir sannsynleg at det heng saman med underleggande sjukdom.
Vanlege grunnar til at eit anfall oppstår:
- Kulde (vanlegast)
- Lett nedkjøling
- Stress
Korleis kan du unngå anfall?
Ved å følge enkle råd kan du redusere risikoen for anfall:
- Hald deg varm. Dette er det viktigaste du kan gjere.
- Ver aktiv. Rørsle gir auka blodsirkulasjon og varme.
- Kle deig varmt på heile kroppen. Fleire tynne lag med kledei varmar betre enn eitt tjukt lag. Ull held deg varm sjølv om du blir våt.
- Bruk romlege sko og vottar eller hanskar.
- Bruk pulsvarmarar, gjerne både inne og ute.
- Unngå å røre kalde gjenstandar, til dømes hente ting frå frysaren utan hanskar.
- Bruk varmehjelpemiddel, til dømes elektriske vottar, sokkar, solet eller varmeteppe. Nokre produkt kan du søke om via NAV. Varm opp senga med varmeflaske eller varmelaken før du legg deg.
- I bilen kan du bruke kupévarmar, setevarmar, rattvarmar eller hanskar.
- Unngå trekk frå ventilasjon eller klimaanlegg viss det triggar anfall hos deg.
- Viss du er stressa, er det nyttig å prøve å redusere stressa
- Slutt å røyke. Røyking forverrer plagene.
Gode råd under eit anfall
- Du kan varme opp hendene med lunkent vatn eller ved å bruke eit varmeprodukt.
- Anfalla går som regel over av seg sjølv.
Når bør du gå til legen?
Du bør gå til legen dersom
- du får Raynauds fenomen i voksen alder utan at du har begynt på medisiner som har det som bivirkning
- dersom fingrar/tær blir blåe eller røde etter å ha vore kvite
- dersom du får Raynauds fenomen i tommelen også
- dersom huda i hendene blir strammare over tid
Behandling av Raynauds fenomen
Dei fleste treng ikkje medisinar mot Raynauds fenomen.
Dersom du har mykje smerter, kan du prøve ibuprofen eller paracetamol. Det kan du kjøpe reseptfritt. Deit er viktig å følje instruksjonane på pakken. Ikke bruk smertestillandre over lang tid utan å ha diskutert det med fastlegen din.
Viss du er veldig plaga, finst det reseptbelaga medisinar som kan hjelpe. Blodtrykksmedisinen nifedipin er førstevalet.
Betablokkarar og medisinar mot ADHD kan utløyse eller forverre Raynauds fenomen. Ta det opp med legen din dersom du brukar denne typen medisinar og er plaga med Raynauds fenomen.
Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Medisinsk og helsefaglig redaksjon, Fellesinnhold spesialisthelsetjenesten
Sist oppdatert 18. June 2026