Revmatisk feber

Revmatisk feber er ein alvorleg komplikasjon som kan oppstå etter ein ubehandla halsinfeksjon med streptokokkar, vanlegvis hos barn. Behandling kan lindre symptoma og førebyggje seinskadar.

revmatisk feber

Oppsummering

Sår hals er sjeldan alvorleg og går ofte over av seg sjølv, men infeksjon med ein type bakteriar som heiter gruppe A-streptokokkar kan vere meir alvorleg. Utan behandling med antibiotika kan det utvikle seg til revmatisk feber.

Symptoma på revmatisk feber er ikkje forårsaka av sjølve infeksjonen, men av måten kroppen reagerer på han. Immunsystemet, som vanlegvis beskyttar oss mot infeksjonar, angrip noko av kroppen sitt eige vev samtidig som det angrip streptokokkane.

Dette kan forårsake problem med ledda, hjernen, huda og hjartet. Dei fleste av desse problema er mellombelse og vil gå over av seg sjølv. Men dersom det har oppstått skade på hjartet, er denne truleg permanent.

Revmatisk feber kan skade hjerteklaffane, noko som inneber at hjartet ikkje kan pumpe blod like effektivt som før.

Revmatisk feber er ein sjeldan komplikasjon og rammar først og fremst barn. Sjukdomen er vanlegast i område der medisinsk behandling ikkje er lett tilgjengeleg, og der folk lever trangt. Han er vanleg i det sørlege og vestlege Afrika, delar av Asia og Sør-Amerika. Revmatisk feber er sjeldan i vestlege land.

Symptom

Vanlege symptom:

  • feber
  • smerte og hevelse i ledd
  • brystsmerter
  • kjensle av å vere kortpusta
  • utslett

Enkelte opplever òg ufrivillige rørsler (chorea). Hos legen blir du spurt om desse og andre symptom. Du bør òg få spørsmål om barnet ditt nyleg har hatt vondt i halsen eller skarlagensfeber.

Utgreiing og diagnose

Dersom det er mistanke om revmatisk feber, lyttar legen på hjartet til barnet for å høyre etter bilydar og uvanleg hjarterytme.

Ved mistanke om klaffefeil blir barnet lagt inn på sjukehus for å gjere fleire undersøkingar og få behandling. Det er mogleg å ta ein blodprøve for å kontrollere om barnet har hatt ein streptokokkinfeksjon.

Behandling

Symptomlindring

Bortsett frå skadar på hjartet, forsvinn symptoma på revmatisk feber av seg sjølv etter nokre veker, men behandling gjer sjukdomsforløpet kortare.

Det første legen gjer, er å føreskrive antibiotika mot infeksjonen og truleg tilrå smertestillande legemiddel mot leddsmerter. Dette kan vere paracetamol, eller eit anti-inflammatorisk legemiddel som ibuprofen eller naproksen. Behandlinga kan redusere både hevelse og smerter i ledd.

Langvarig antibiotikabehandling

Det er vanleg å få tilbakefall av revmatisk feber utan behandling. Dette kan forårsake meir hjarteskade. Legar tilrår derfor langvarig behandling med antibiotika, ofte i mange år.

Barn treng truleg ein injeksjon med antibiotika kvar tredje eller fjerde veke. For barn med mindre alvorlege symptom kan antibiotikabehandling i eitt år vere tilstrekkeleg.

Hjertesviktbehandling?

Dessverre gir revmatisk feber risiko for permanent skade på hjartet. Legen vurderer om det er gunstig med hjartemedisin og vassdrivande legemiddel (diuretika), slik at kroppen blir kvitt overflødig væske som kan hope seg opp når hjartet ikkje pumpar godt nok.

Nokon har skadar som er så ubetydelege at dei ikkje treng legemiddel for å hjelpe hjartet.

​Sydenhams chorea

Sydenhams chorea er ein hjernesjukdom som kan ramme enkelte barn etter revmatisk feber. Hjernesjukdomen er kjenneteikna av episodar med rykkvise rørsler, vanlegvis i hender, føter og ansikt. På YouTube finst det videoopptak som viser dette.

Sydenhams chorea går vanlegvis over etter nokre veker eller månader. Dei fleste barn treng ikkje medisinsk behandling, berre å bli roa og støtta, og eit roleg miljø der dei kan kvile og slappe av.

For barn med alvorlege symptom på Sydenhams chorea, eller med symptom som varer lenge, kan legemiddel hjelpe. Legemidla kan gi biverknader og er vanlegvis siste utveg.

Prognose

Ved behandling forsvinn symptoma på revmatisk feber vanlegvis etter ei veke eller to. Dei fleste pasientar kan reise heim frå sjukehuset innan to veker.

Barnet må ta blodprøvar ei stund, fram til teikna på infeksjon er borte. Det vil truleg vere snakk om to gonger i veka i starten, så gradvis sjeldnare. Barnet kan òg trenge kontrollar hos ein hjartelege (kardiolog) kvar sjette månad i starten, deretter ein gong i året eller ein gong annakvart år.

Faren ved revmatisk feber er ikkje feberen i seg sjølv, men faren for mogleg hjarteskade dersom barnet ditt får ein ny episode i framtida. Det er viktig at du ikkje sluttar med den langvarige antibiotikabehandlinga som legen tilrår, for å hindre at sjukdomen forverrar seg.

Streptokokkar er ein vanleg infeksjon i munn og hals. Det er viktig å vere spesielt merksam på munnhelse hos barn som har hatt revmatisk feber. Dette inneber

  • å pusse tennene forsiktig og regelmessig
  • å ikkje utsetje å behandle tann- eller munnproblem
  • å sørgje for at halsbetennelsar blir behandla tidleg

Enkelte med hjarteklaffliding etter revmatisk feber må få antibiotika før større tannbehandlingar. Sørg for å fortelje tannlegen at barnet har gjennomgått sjukdomen.

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

Medlemsorganisasjon for hjerte- og lungesyke og deres pårørende.

Revmatisk feber. Helsebiblioteket.no, 2021.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Last updated Wednesday, September 15, 2021