Ringorm på kroppen
Ringorm er ein smittsam soppinfeksjon i huda som gir kløande utslett på kroppen. Du kan behandle ringorm med eit soppdrepande middel.

Illustrasjon: JAMES COPELAND / Mostphotos
Kva er ringorm på kroppen?
Ringorm (tinea corporis) er ein smittsam soppinfeksjon i det ytste laget av huda. Ringorm kjem av ein type sopp som heiter dermatofyttar.
Utslettet er ringforma og flassande. Det oppstår vanlegvis på glatt og mjuk hud, utan for mykje hår.
Du kan også få ringorm hovudbotnen, men dette blir behandla annleis enn ringorm på kroppen. Dermatofyttar kan òg gi fotsopp- og neglesopp.
Symptom på ringorm på kroppen
Ringorm på kroppen startar vanlegvis som eit kløande, raudt og flassande utslett på huda.
Du kan få éin eller fleire flekker. Nokon gonger overlappar dei kvarandre.
Slik kan ringorm sjå ut:
- Runde eller ringforma flekker i huda.
- Ringen har raud kant som kan vere lett opphøgd og flassande.
- Huda i midten av ringen kan sjå normal ut.
Flekkane kan bli større over tid og kome fleire stadar på kroppen.
Ringorm i lysken gir ofte eit større område med raud hud rundt hudfaldane.
Slik kan du redusere smitte
Soppinfeksjonen kan smitte gjennom berøring mellom personar eller indirekte via gjenstandar du kjem i kontakt med. Ringorm kan òg smitte frå hundar, kattar og enkelte andre dyr.
Råd for å unngå å bli smitta av ringorm:
- Vask hendene godt, særleg i kontakt med dyr.
- Bruk sandalar i offentlege bad og garderobar.
- Hald huda rein og tørr.
- Ikkje del handklede, klede, sengetøy og hårbørste med andre.
Om du trur at kjæledyret ditt har ringorm, bør du ta det med til dyrlegen som kan vurdere behandling.
Råd for å hindre at smitten spreier seg når du har ringorm:
- Vask hendene godt.
- Hald huda rundt utslettet tørr og rein.
- Unngå å klø på utslettet. Kløing kan skape sår som blir infiserte. Det kan også spreie soppinfeksjonen til andre delar av kroppen.
- Vask handkle, sengetøy og klede regelmessig på minst 60 grader. Vask gjenstandar og flater som du rører ofte.
- Ikkje del handklede, klede, sengetøy og hårbørste med andre.
Når bør du kontakte legen?
Du treng vanlegvis ikkje kontakte legen når du har ringorm på kroppen. Du kan behandle utslettet sjølv med reseptfrie soppdrepande middel.
Kontakt lege dersom du er usikker på om utslettet er ringorm, eller dersom det ikkje blir betre etter ei til to veker med behandling.
Behandling av ringorm på kroppen
Ringorm går som regel over med rett behandling. Den vanlegaste behandlinga er reseptfrie soppmiddel som du smør på utslettet. Du får tak i desse på apoteket. Nokre av kremane er berekna på fotsopp, men du kan også bruke dei mot ringorm på kroppen. Følg instruksjonane på pakken. Nokre få opplever at huda blir irritert av soppkremen.
Dersom utslettet ikkje byrjar å bli betre etter ei til to veker, bør du oppsøke lege. Ved behov kan legen gi deg anna behandling.
Når fleire i husstanden er smitta, bør alle få behandling samtidig. Har du i tillegg fotsopp eller ringorm andre stader på kroppen, bør du behandle alle områda samtidig. Då kan du unngå at soppen spreier seg frå eitt område på kroppen til eit anna.
Behandling av ringorm hos barn
Ikkje alle kremar er berekna til barn. Spør ein tilsett på apoteket om råd.
Barn kan gå i barnehage eller på skule dagen etter at behandlinga har starta.
Folkehelseinstituttet, 2024: Dermatofyttinfeksjoner (ringorm) – håndbok for helsepersonell. [sitert 2026 Nov 19]. Tilgjengelig fra: https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/sykdommer-a-a/ringorm-tinea/
Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health
Sist oppdatert 19. November 2026