Hand-, fot- og munnsjukdom

Hand-, fot- og munnsykje er ein vanleg virussjukdom som gjev blemmer og raudne i munnen, og blemmer og utslett på hender og føter. Mange har i tillegg feber og smerter i munn og hals. I dei aller fleste tilfelle går sjukdomen over av seg sjølv innan ei veke.

Hand-, fot- og munnsykje rammar særleg små barn og førekjem ofte som lokale utbrot i barnehagar på seinsommaren og hausten. 

For dei aller fleste går symptoma over av seg sjølv innan ei veke, og det er inga spesifikk behandling. Handvask og vanlege hygienetiltak er viktig for å unngå smitte.  

Sjukdomen gjev ofte munnsmerter, og då er det viktig å sjå til at barnet får i seg nok væske. 

Symptom

Sjukdomen startar ofte med smerter i munn og svelg som gjer at det kan vere vanskeleg å ete og drikke. I munnen oppstår det raude flekkar som får ei blemme i midten. Blemmene blir vanlegvis nokre få millimeter store. Den vanlegaste staden å få blemmer er på tunga og på innsida av kinna. 

Samtidig kan det oppstå eit raudt utslett inne i handflatene og på fotsolane, typisk langs kanten av fotsolen. Blemmene kan også kome på oversida av fingrar og tær. I nokre tilfelle kjem det same utslettet på rumpe og baksida av lår, og nokre gonger rundt munnen. 

Det kan vere vanskeleg å skilje vasskoppar frå desse blemmene. Utslettet ved hand-, fot- munnsykje klør likevel som oftast ikkje slik som vasskoppar gjer. 

Ein del av barna vil også få feber, men sjeldan over 38,5°C. 

Kneet til et lite barn med utslett og små, røde blemmer.

Utslett på kne.

Smitte

Hand-, fot og munnsykje kjem av eit virus som smittar ved kontakt med spytt, slim og avføring frå ein som er smitta. For å unngå smitte er det viktig med handvask, reingjering av stellebord og å passe på at barn ikkje deler smokk. Ein som har sjukdomen, er mest smittsam rett før utslettet bryt ut. 

Det er fleire typar virus som kan gje hand-, fot og munnsykje, men dei er alle av typen enterovirus. Det vanlegaste enteroviruset som gjev sjukdomen er coxsackievirus. 

Utgreiing og diagnose

Diagnosen blir stilt ved å finne typiske symptom som er skildra over. Viruset kan påvisast i prøvar frå blemmer og avføring, men dette er sjeldan nødvendig.

Det finst inga behandling og ingen vaksine mot sjukdomen. Hand-, fot- og munnsykje går over av seg sjølv, som oftast i løpet av 3–4 dagar og nokre gonger opp mot ei veke. 

Paracet kan hjelpe dersom barnet ikkje vil drikke fordi det har smerter. Kulden frå kald drikke eller saft-is kan ha smertelindrande effekt og kan gjere det lettare for barnet å få i seg væske.  

Så lenge barnet framleis har fleire våte bleier per dag, tyder det på at barnet får i seg tilstrekkeleg væske. 

Sjukdomen går over av seg sjølv hos dei aller fleste barn, utan at det er behov for å kontakte lege. Barn kan gå i barnehage eller på skulen når ålmenntilstanden deira tillèt det. Dei treng ikkje vente til utslettet er borte. 

Virusa som kan føre til hand-, fot- og munnsykje kan i nokre tilfelle gje ein kraftigare munninfeksjon, utan at det oppstår utslett andre stader på kroppen. Dette kallar vi herpangina, og det er kjenneteikna av blemmer, raudne og sår i munnslimhinna som er dekt av eit kvitt belegg. Høgare feber og kraftigare smerter i munnen er vanleg. 

Sjølv om også herpangina går over av seg sjølv, må nokre mindre barn med herpangina bli lagde inn på sjukehus for å få smertestillande behandling og nok væske. Herpangina kan likne på symptoma frå herpesvirus, men ved herpesvirus er det ofte sår og blemmer også på lepper og rundt munn. 

Sjølv om hand-, fot- og munnsykje og herpangina er vanlegast hos barnehagebarn, kan den også ramme eldre barn og vaksne. 

Den vanlegaste komplikasjonen ved hand-, fot- og munnsykje og herpangina er at den som er sjuk, får i seg for lite væske på grunn av smerter i munnen. I nokre svært sjeldne tilfelle kan det likevel utvikle seg til ein meir alvorleg infeksjon som også kan påverke andre organ. Opplever du slike meir alvorlege symptom, må du kontakte lege. 

Hand, foot, and mouth disease and herpangina​. Helsebiblioteket, desember 2018.

Content provided by Norwegian Institute of Public Health

Norwegian Institute of Public Health. Hand-, fot- og munnsjukdom . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, August 15, 2023 [retrieved Wednesday, April 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/infeksjon-og-betennelse/hand-fot-og-munnsykdom/

Last updated Tuesday, August 15, 2023