Pleuravæske

Pleuravæske oppstår når det samlar seg væske i mellomrommet mellom lunga og brystveggen. Det kjem ofte av ein underliggjande sjukdom. Behandlinga avheng av kva som er årsaka til pleuravæska.

Eldre mann i parken

Kva er pleuravæske?

Holrommet mellom lunga og brystveggen blir kalla pleurahola, og det er alltid ei lita mengd sekret i dette holrommet. Sekretet fungerer som smørjing, slik at lungene kan røre seg fritt mot brystveggen når du rører på deg.

Dersom det samlar seg ei større mengd væske i pleurahola, kallar vi tilstanden for pleuravæske (pleuraeffusjon). Pleuravæske er vanlegvis forårsaka av ein annan tilstand.

Små væskesamlingar fører ikkje nødvendigvis til plager, men større samlingar forårsakar ei kjensle av å vere kortpusta og enkelte gonger smerter. Store samlingar av væske må drenerast.

Årsaker til pleuravæske

Nokre årsaker til pleuravæske:

  • hjartesvikt
  • ein lungeinfeksjon som lungebetennelse eller tuberkulose
  • leddgikt
  • langtkommen skrumplever
  • langtkommen nyresvikt
  • systemisk lupus erythematosus (SLE)
  • enkelte kreftformer

Desse forholda kan forårsake pleuravæske på ei rekkje måtar. Dette er to av dei vanlegaste:

  • Når væske lek frå blodårene inn i pleurahola, noko som kan skje ved hjartesvikt.
  • Når kreft eller ein infeksjon forårsaker hevelse i lungene.

Symptom på pleuravæske

Hovudsymptomet på mykje pleuravæske er ei kjensle av å vere kortpusta. Du kan òg kjenne ubehag og smerter i brystet i tillegg til hoste. Mange kjenner ingen smerter.

Legen kan finne ut om du har pleuravæske, ved å lytte på brystkassen med eit stetoskop. Dersom det ikkje er noko lyd når du pustar, kan det tyde på at du har pleuravæske.

Ved å tappe forsiktig med fingrane over brystkassen kan legen finne dempa lydar over eit væskefyllt holrom. Det kan vere eit teikn på pleuravæske.

Under konsultasjonen spør legen om du har andre sjukdomar, tidlegare sjukdomar og kva legemiddel du bruker. Pleuravæske kan enkelte gonger vere forårsaka av visse legemiddel.

Du må òg ta nokre testar, blant anna eit røntgenbilete og kanskje ei CT-undersøking. Blodprøvar kan òg bidra til å vise om du har ein infeksjon som kan forårsake ein pleuraeffusjon.

Behandling av pleuravæske

Behandlinga avheng av årsaka. Dersom hjartesvikt er årsaka, kan vassdrivande legemiddel (diuretika) hjelpe. Dersom ein infeksjon, som lungebetennelse, har forårsaka pleuravæske, får du vanlegvis antibiotika for å kurere infeksjonen.
 
Ved store samlingar av pleuravæske skal du ikkje ligge flatt i senga. Med heva overkropp får du tilført oksygen via nasekateter eller maske.
 
Det kan vere nødvendig å drenere store samlingar av væske. Dersom du gjennomgår pleurapunksjon, får du lokalbedøving for å redusere smerta. Deretter blir det sett inn ei nål, slik at væska kan strøyme ut gjennom eit røyr (pleuratapping).
 
Nokon må gjennomgå denne prosedyren meir enn éin gong, og enkelte treng å få permanent pleuradrenasje for å fjerne væska som stadig samlar seg. Dette er av og til nødvendig ved kreftbehandling.
 
Ei behandling kalla pleurodese blir enkelte gonger brukt for å forhindre at det dannar seg pleuravæske. Då sprøyter ein eit legemiddel inn i pleurahola, slik at lunge- og brystveggen klistrar seg saman.

Spør gjerne legen om fordelar og ulemper ved prosedyren.

Eksempel på spørsmål:

  • Kor sannsynleg er det at det fungerer?
  • Kva er dei moglege fordelane?
  • Kva er eventuelle moglege farar?
  • Kor sannsynleg er det at ein kan få pleuravæske på nytt dersom ein vel å ikkje gjennomføre prosedyren?

Prognose

Enkelte sjukdomar gjer det meir sannsynleg at pleuravæska kjem tilbake. Det gjeld blant anna hjartesvikt, skrumplever og kreft.

Dersom du har fått drenert pleuravæska, eller dersom du har fått pleurodese, vil legen råde deg til å unngå bestemde aktivitetar ei stund, medrekna flyreiser. Dette kjem av at endringar i lufttrykket kan forårsake problem med lungene. Desse problema kan oppstå ved

  • redusert lufttrykk ved stor høgd
  • auka trykk ved dykking

Dersom du får tilbakefall av symptom, bør du straks oppsøkje lege.

Landsforeningen for hjerte- og lungesyke

Medlemsorganisasjon for hjerte- og lungesyke og deres pårørende.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Last updated Thursday, September 17, 2020