Kva er gallestein?

Galle er ei væske som hjelper kroppen med å bryte ned og fordøye mat. Gallen blir produsert i levra og blir lagra i galleblæra, som ligg under levra. 

Gallestein er små, harde avleiringar som blir danna i galleblæra eller i gallegangen. Dei oppstår når stoff i gallen krystalliserer seg og blir til steinar. Når steinar blokkerer utskiljinga av galle, kan det føre til smerter og i sjeldne tilfelle betennelse. 

Steinane kan vere små som sandkorn eller fleire centimeter. Nokon har mange små steinar, medan andre har éin eller nokon få større steinar.

Symptom på gallestein

Mange med gallestein merker ingen symptom og treng ikkje behandling. Plager oppstår først dersom ein gallestein blokkerer gallegangen. Då kan du få kraftige smerter i øvre høgre del av magen, eventuelt med utstråling til rygg og høgre skulder. 

Smertene kjem ofte plutseleg, gjerne etter eit feittrikt måltid, og varer som regel nokre timar. Du kan også bli kvalm og kaste opp.  

Om ein gallestein blokkerer gallegangen, slik at gallen ikkje kjem ut i tarmen, kan det oppstå galleblærebetennelse. Då blir galleblæra hoven og irritert. Symptoma er dei same som beskrive over, og du kan i tillegg få: 

  • generell sjukdomskjensle
  • feber
  • auga og huda ser gule ut (gulsott)
  • bleik avføring
  • redusert matlyst
  • kløe i huda

Galleblærebetennelse er alvorleg og krev behandling på sjukehus. 

Når bør du kontakte lege?

Kontakt lege om du får sterke magesmerter som ikkje gir seg. 

Søk hjelp raskt om du i tillegg får feber, kvalme, gulsott eller kjenner deg dårleg. 

Ring legevakt eller 113 om smertene er svært sterke eller du blir akutt sjuk.

Risikofaktorar og førebygging

Risikoen aukar med alderen, særleg etter 40 år. Kvinner blir ramma oftare enn menn, og arvelegheit kan spele ei rolle. Andre forhold som aukar risikoen, er  

  • raskt vekttap
  • eit kosthald rikt på fett
  • graviditet
  • overvekt
  • diabetes 

Du kan redusere risikoen for gallestein ved å oppretthalde ei sunn kroppsvekt, unngå raske vektsvingingar, ete variert og vere regelmessig fysisk aktiv. 

Undersøking og diagnose

Ved mistanke om gallestein blir det det ofte tatt blodprøver og ultralyd for å sjå etter steinar og betennelse. Det kan også bli brukt ein spesiell type MR for å få eit meir detaljert bilete.

Behandling av gallestein

Om du har gallestein utan symptom, treng du som regel ikkje behandling. Ved gallesteinanfall er smertelindring den viktigaste behandlinga. 

Vanlege smertestillande som paracetamol og ibuprofen kan hjelpe noko, men gir ofte ikkje tilstrekkeleg smertelindring ved kraftige gallesteinanfall. 

Får du gjentatte eller plagsame gallesteinanfall, er den vanlegaste behandlinga å fjerne galleblæra. Du kan leve fint utan galleblære. 

Fjerning av galleblæra blir som oftast gjord med kikholsoperasjon.

Laster inn

 

Prognose ved gallestein

Om du får eit gallesteinanfall, vil du ofte få tilbod om behandling dersom plagene gjentar seg. 

Etter eit første gallesteinanfall aukar risikoen for nye anfall.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Gallestein. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, August 17, 2026 [henta Saturday, November 21, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/mage-og-tarm/gallestein/

Sist oppdatert 17. August 2026

Did you find what you were looking for?