Sirkulasjonssvikt i tarmen (tarmiskemi)

Sirkulasjonssvikt i tarmen oppstår når blodtilførselen til tarmen blir avgrensa. Det kan oppstå plutseleg eller utvikle seg over tid. Behandling kan hjelpe mange, men ubehandla er tarmiskemi ein alvorleg tilstand som kan vere livstruande.

Som alle organa i kroppen, treng også fordøyingssystemet tilstrekkeleg blodsirkulasjon for å kunne fungere skikkeleg. Blod forsyner kroppen med oksygen og næringsstoff og transporterer bort avfallsstoff. Dersom blodforsyninga til tarmen blir redusert, kan det føre til sirkulasjonssvikt i tarmen (tarmiskemi). Ordet "iskemi" tyder avgrensa blodtilførsel.

Sirkulasjonssvikt i tarmen er ikkje ein spesifikk tilstand. Namnet dekkjer alle problem som kan vere forårsaka av redusert blodtilførsel til tarmen.

Symptombilete

Sirkulasjonssvikt i tarmen kan oppstå plutseleg, eller det kan utvikle seg gradvis over tid.

Når tilstanden utviklar seg sakte, kan han vere vanskeleg å diagnostisere, ettersom symptoma liknar på mange andre tilstandar som kan gi ubehag i magen. Dette inneber at mange ikkje blir diagnostiserte før dei er alvorleg sjuke.

Dei viktigaste symptoma er

  • smerter og ømheit i magen
  • blod i avføringa
  • diaré
  • vekttap (fordi smertene er verre etter måltid, og dette reduserer appetitten hos mange)

Sirkulasjonssvikt i tarmen kan ha ulike årsaker, men det vanlegaste er ein blodpropp i ein arterie som fører til tarmen. Desse blodproppane utviklar seg ofte i nærleiken av hjartet, følgjer deretter blodstraumen og set seg fast i ein mindre tarmarterie.

Sirkulasjonssvikt i tarmen oppstår oftare hos personar med hjartesjukdom.

Andre årsaker til sjukdomen:

  • Fortjukka blodåreveggar. Dei fortjukka veggane snevrar inn blodkara, noko som reduserer blodgjennomstrøyminga. Dette kan komme av tilstandar som åreforkalking, leddgikt og lupus.
  • Direkte press på ein arterie, for eksempel av ein svulst.
  • Nedsett blodforsyning av andre årsaker, for eksempel hjartesvikt og tarmslyng.
  • Biverknader av enkelte medisinar og nokre typar narkotika.
  • Ein infeksjon (sjeldan).
  • Nyleg operasjon (sjeldan).

Sirkulasjonssvikt i tarmen er meir vanleg hos kvinner enn hos menn.

Sjukdomen er òg meir vanleg hos eldre menneske og hos personar som har røykt i mange år.

Utgreiing og diagnose

Dersom legen mistenkjer at du kan ha sirkulasjonssvikt i tarmen, må du gjennom spesielle røntgenundersøkingar for å sjå på blodforsyninga til tarmen, for eksempel ein CT-angiografi.

Det kan hende du treng ei innvendig undersøking, for eksempel ein koloskopi, der eit lite kamera på enden av eit røyr blir ført inn i endetarmen. Dette hjelper legen med å identifisere problemet og sjå kor alvorleg det er.

Dersom blodtilførselen til tarmen berre er litt redusert, utan teikn på infeksjon, treng du truleg ikkje kirurgi. Du treng likevel førebyggjande behandling for å forhindre at problemet blir verre, sjølv om iskemien er mild.

Behandling på sjukehus

Dersom du blir innlagd på sjukehus, kjem legane først til å fokusere på å stabilisere tilstanden. Det er vanleg å gi oksygentilskot via ei maske og intravenøs væske. Det kan hende du treng eit avlastande røyr sett ned i magesekken, eller behandling for å korrigere ein uregelmessig hjarterytme.

Du får òg antibiotika. Dette kjem av at skade på tarmane kan føre til at bakteriar spreier seg raskt rundt i kroppen. Dersom du har teikn på hjartesvikt, får du òg medisinar for å styrke hjartet.

Kirurgi

Mange som blir lagde inn akutt, treng operativ behandling. Dette blir vanlegvis gjort for å fjerne ein blodpropp frå eit blodkar eller sy på eit ekstra blodkar forbi ei blokkering i eit kar (bypass-operasjon). Då set ein inn ei ny åre før det tronge området og festar enden bak blokkeringa, slik at blodforsyninga blir gjenoppretta.

Kva type operasjon du treng, avheng av kva blodårar som er påverka, og kor mykje dei er påverka.

Det kan òg hende du må operere dersom du har bukhinnebetennelse, eller dersom det er hol på tarmen. Dette inneber at kirurgen opnar buken for å vurdere om delar av tarmen må fjernast.

Etter operasjonen

Dersom du blir operert, må du ta legemiddel i tillegg for at du skal bli betre. Du må truleg ta minst eitt av desse legemidla:

  • Antibiotika for å få bukt med ein infeksjon.
  • Blodfortynnande legemiddel som hindrar blodet i å levre seg (antikoagulantia).
  • Legemiddel som bidreg til å utvide tronge blodkar, for å betre blodstraumen. Desse tek du berre i nokre dagar.
  • Kortisonmiddel for å minske hevelsen dersom du har betente blodårer.
  • Kolesterolreduserande legemiddel og eit kosthald med mindre kolesterol, dersom legen vurderer at det er nødvendig.

Oppfølginga avheng av om du blei operert. Dersom du ikkje blir operert, må du kanskje greie ut blodforsyninga til tarmen.

Du treng òg behandling for andre problem som kan ha ført til iskemien.

Det er viktig å få i seg nok næring for å halde vekta.

Du må vere merksam på at symptoma på sirkulasjonssvikt i tarmen kan komme tilbake. Dersom du har magesmerter, oppblåst mage, blodig avføring, er kvalm eller kastar opp, bør du søkje medisinsk hjelp med ein gong.

Dessverre kan éin episode med tarmiskemi vere dødeleg, særleg dersom han blir diagnostisert seint, slik at det allereie er oppstått stor skade. Sjansane for å overleve avheng òg av kva blodårer som er involverte, og kor alvorleg blokkeringa er. Det er viktig at du tek førebyggjande legemiddel slik legen har gitt beskjed om.

Aktivitetshåndboken (PDF)

Mange sykdommer kan forebygges og behandles med fysisk aktivitet. Ofte kan fysisk aktivitet erstatte legemidler eller redusere behovet.

Sirkulasjonssvikt i tarmen (tarmiskemi). Helsebiblioteket.no, 2021.

Ischaemic bowel disease: what is it? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Ischaemic bowel disease: what treatments work? (PDF). Originalbrosjyre fra BMJ Best Practice, 2022.

Content provided by Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Sirkulasjonssvikt i tarmen (tarmiskemi). [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, November 30, 2021 [retrieved Wednesday, April 24, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/mage-og-tarm/sirkulasjonssvikt-i-tarmen-tarmiskemi/

Last updated Tuesday, November 30, 2021