Allergi mot fisk

Fiskeallergi er ein av dei vanlege matallergiane hos barn, men alvorlege reaksjonar er sjeldan. Fiskeallergi er ofte ein varig allergi. Det er mogleg å reagere på éin type fisk, men tole andre typar.

Har du matallergi, reagerer immunforsvaret i kroppen på eitt eller fleire protein i maten.

Når du må utelate fisk frå kosthaldet på grunn av allergi, vil det seie at du ikkje kan ete mange vanlege matvarer og matrettar.

Å ha fiskeallergi kan vere vanskeleg å leve med, sjølv om det stort sett er enkelt å unngå fisk.

Kva er fiskeallergi?

Allergi mot fisk er ein vanleg matallergi. Fiskeallergi startar ofte tidleg i barndomen, men kan også oppstå i vaksen alder, og er ofte ein allergi som kan vare livet ut.

Fiskeallergi inneber reaksjon mot proteina frå éin eller fleire fiskesortar. Mange reagerer på eit protein som finst i mange fisketypar, men det er også vanleg å sjå spesifikk allergi mot eitt fiskeslag. Eksempelvis kan ein reagere på torsk, men tole laks, eller omvendt.

Varmebehandling forandrar ikkje proteina som gjev fiskeallergi, og vil derfor ikkje endre kva du toler. Dersom du toler varmebehandla laks, vil du normalt sett også tole sushi av laks.

Det er ikkje spesiell samanheng mellom allergi mot fisk og skaldyr eller blautdyr.

Symptom på fiskeallergi

Allergikarar som et fisk, får som oftast ein reaksjon etter berre kort tid, vanlegvis frå nokre minutt til opptil ein time etterpå.

Symptom på matallergi er ofte plager i

  • mage- og tarmkanalen, til dømes kløe i munnhola, kvalme og oppkast, magesmerter og/eller diaré,
  • hud, til dømes kløe, elveblest, hevelse eller forverring av eksem
  • auge eller luftvegar med tett nase og/eller pustevanskar, og kan i sjeldne tilfelle bli ein alvorleg allergisk reaksjon, såkalla anafylaksi.

Hos nokon kan sjølv små mengder fiskeprotein gje reaksjon. Er du svært følsam for fisk, vil du kunne kjenne symptom på grunn av steikeos eller damp når det blir laga mat med fisk.

Dei som arbeider innan fiskeforedling, kan i enkelte tilfelle oppleve allergisk kontakteksem eller astma ved eksponering for fisk.

Utredning

Dersom du trur du er allergisk mot fisk, kan du be om ei utgreiing hos fastlegen din. Den viktigaste delen av utgreiinga er at de går nøye gjennom kva du har ete og kva symptom du har opplevd. Legen vil vurdere om det er behov for å gå vidare med allergitestar. Somme vil trenge ei tilvising til spesialist.

Behandling

Behandling for matallergi er:

  • å unngå eksponering for matvarer du er allergisk mot
  • å vite korleis du skal behandle eventuelle allergiske reaksjonar
  • å få utskrive nødvendige medisinar til behandling

Kosthaldsråd ved fiskeallergi

Den klare tilrådinga frå helsestyresmaktene til deg som har fiskeallergi, er å unngå å ete den eller dei fiskeartane du er allergisk mot. Fisk blir sjeldan brukt som ingrediens i matrettar som ein i utgangspunktet ikkje forbind med fisk, så desse proteina er det forholdsvis enkelt å unngå.

Fisk er ei god proteinkjelde, men ernæringsmessig er det å ta bort fisk uproblematisk så lenge du erstattar det med andre proteinkjelder som kjøt og/eller mjølk. Ved kosthald utan fisk tilrår vi dagleg tilskot av langkjeda omega 3-feittsyrer og vitamin D. Vanleg tran inneheld begge delar.

Fisk kan blant anna førekome i rettar av skaldyr, crabsticks, rekechips, leverpostei, salatdressingar, tapenade, buljong, gelatin, marinade, østerssaus og Worchestersaus. Tran er godt reinsa fiskeolje, og inneheld ikkje fiskeprotein.

Merking av allergen i mat blir regulert gjennom matinformasjonsforskrifta, som er felles for alle land i EØS-området. Forskrifta stiller krav til merking av fisk. Det skal vere tydeleg framheva i ingredienslista om det inneheld fisk, uansett kor lita mengd som er tilsett i produktet. Dette gjeld også på serveringsstader. Det er ikkje krav om at type fisk blir opplyst, og merkinga kan gjerast gjennom å skrive til dømes namn på fiskeslag, fiskeolje, fiskemjøl, eller rogn.

Det er tilrådd å kjøle ned bestikk og servise med kaldt vatn, då fiskeproteina kan feste seg når dei blir utsette for varme. Det kan til dømes vere nødvendig å bruke eiga steikepanne som ikkje har vore brukt til matlaging med fisk.

Astma- og allergiforbundet

23 35 35 35

Monday-Friday from 09:00 to 14:30

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsomhetssykdommer.

LHL Astma og allergi

22 02 68 10

Monday-Friday from 08:30 to 12:00

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.

Råd ved matallergi og overfølsomhet

Content provided by The Norwegian Directorate of Health, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO)

The Norwegian Directorate of Health, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO). Allergi mot fisk. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Wednesday, March 17, 2021 [retrieved Thursday, April 25, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/matallergi/allergi-mot-fisk/

Last updated Wednesday, March 17, 2021