Allergi mot mjølk

Mjølkeallergi er ein allergisk reaksjon på protein i kumjølk. Symptoma er ofte magesmerter, diare og utslett. Mjølkeallergi rammar som oftast små barn. Personar med mjølkeallergi skal halde seg unna mjølk og meieriprodukt.

Kva er mjølkeallergi?

Mjølkeallergi er ein allergisk reaksjon mot eitt eller fleire av proteina i mjølk. Ved mjølkeallergi må du halde deg unna mjølk og meieriprodukt.  

Mjølkeallergi opptrer først og fremst hos spedbarn og i småbarnsalderen, og rammar rundt 2–3 prosent. Det er vanleg å vekse av seg mjølkeallergi før skulealder. Under 1 prosent av den vaksne befolkninga har mjølkeallergi.  

Toler du nokre meieriprodukt, men ikkje eit glas mjølk, har du kanskje laktoseintoleranse.

Symptom på mjølkeallergi

Typiske symptom på mjølkeallergi er:

  • oppkast
  • diaré
  • magesmerter
  • hudutslett
  • pustevanskar

Andre, meir diffuse symptom mjølkeallergi er:

  • laus avføring
  • mistrivsel
  • dårleg vektauke og vekst

Det er vanleg å få fleire symptom på ein gong.

Utgreiing og diagnose

Det er viktig å få riktig diagnose dersom du mistenkjer at du eller barnet ditt ikkje toler mjølk eller andre matvarer. Dette fordi du må utelukke at det ikkje er andre sjukdomar som kan gje plagene, og for å sleppe å kutte ut fleire matvarer enn nødvendig.

Lege eller klinisk ernæringsfysiolog vil rettleie deg i kva du bør unngå ved mjølkeallergi. De kan også vurdere om barnet bør få mjølk under observasjon. 

Når barnet byrjar med kumjølk, til dømes i barnegraut eller i morsmjølkerstatning, kan det reagere med symptom på mjølkeallergi. Hos nokre barn kan sjølv ørsmå mengder mjølkeprotein utløyse alvorlege reaksjonar.  

Ein sjeldan gong kan mjølkeallergi utvikle seg hos eldre barn og vaksne.

Illustrasjon: Johner Bildbyra AB

Forskjellen på matallergi og matintoleranse

Matvarer du reagerer på må unngås helt ved allergi. Ved intoleranse er det ofte nok å begrense mengden.

Illustration: Illustrasjon: Johner Bildbyra AB

Kosttilpassing ved mjølkeallergi

Kosthald ved mjølkeallergi

Dersom du har mjølkeallergi, bør dietten din vere fri for mjølk eller produkt som inneheld mjølk. I samråd med lege eller klinisk ernæringsfysiolog finn de ut kor streng dietten din må vere. Somme må unngå sjølv ørsmå mengder, medan andre kan tole mjølk i oppvarma form.  

I sjeldne tilfelle kan spedbarn som utelukkande får morsmjølk, også få symptom på mjølkeallergi. I desse tilfella bør mor unngå mjølk og mjølkeprodukt i ammeperioden.

Næringsrikt kosthald utan mjølk

Mjølk og andre meieriprodukt er ei viktig kjelde til energi, protein, jod, kalsium, riboflavin og vitamin B12. Dersom du ikkje drikk eller et meieriprodukt, må du få dekt behovet for desse næringsstoffa på andre måtar. 

Det er mange gode kjelder til energi og protein i kosten. Du kan inkludere andre animalske matvarer som kjøt, fugl, fisk og egg. Ved eit vegansk kosthald kan du inkludere bønner, linser, erter, nøtter, frø og korn. Av plantedrikkane er det berre soyadrikk som har like mykje protein som kumjølk. 

Det er kalsium i nokre matvarer som mørkegrøne grønsaker, nøtter og frø, men dei fleste må inkludere plantedrikkar med kalsium for å få i seg nok. Dersom du ikkje bruker plantedrikkar med kalsium, bør du ta eit eige kalsiumtilskot.  

Det finst plantebaserte alternativ til ei rekkje meieriprodukt som yoghurt, kvarg, fløyte, rømme, iskrem og ost.

Melk og meieriprodukter gir viktige næringsstoffer til kostholdet.

Mat uten melk

Hvis du ikke drikker eller spiser meieriprodukter, må du dekke behovet for enkelte næringsstoffer på andre måter.

Illustration: Johnér Bildbyrå AB

Innan fire- til femårsalder har dei aller fleste vakse av seg mjølkeallergien sin. Nokre få beheld allergien opp i vaksen alder.

Astma- og allergiforbundet

23 35 35 35

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi, eksem og andre overfølsomhetssykdommer.

LHL Astma og allergi

22 79 90 00

Interesseorganisasjon for alle som har astma, allergi og eksem.

Content provided by The Norwegian Directorate of Health, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO)

The Norwegian Directorate of Health, Regionalt senter for astma, allergi og overfølsomhet (RAAO). Allergi mot mjølk . [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, May 2, 2024 [retrieved Friday, November 8, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/matallergi/melkeallergi/

Last updated Thursday, May 2, 2024