Kva er soppinfeksjon i underlivet?

Sopp i underlivet kallast underlivssopp eller candidavaginitt. Infeksjonen kjem ofte frå gjærsoppen Candida albicans. Soppen finst naturleg på kroppen og i skjeden utan å gi deg nokon plager. Om han veks for mykje kjenner du symptom på dette. Nesten alle kvinner har ein soppinfeksjon i løpet av livet.   

Soppinfeksjon blir ikkje rekna som ein seksuelt overførbar sjukdom. Partnaren treng ikkje behandling med mindre vedkomande har symptom.

Symptom på soppinfeksjon i underlivet

Dei vanlegaste symptoma i underlivet er:  

  • kløe 
  • svie rundt skjedeopninga 
  • sårheit 
  • tjukk, kvit, klumpete utflod 
  • raudheit og hevelse rundt skjedeopninga 
  • svie når du tissar eller har sex  

Behandling av soppinfeksjon i underlivet

Om du du har symptom på soppinfeksjon kan du bruke krem og vagitorier (piller du stikk inn i vagina) og som du får kjøpt reseptfritt på apoteket.   

Dersom du er gravid er det anbefalt å bruke fingrane, altså ikkje applikator, til å føre vagitoriene inn i skjeden.  Dersom du opplever symptoma som usikre, om du har mykje vondt eller hyppige plager, bør du prate med fastlegen din om korleis plagene skal følgast opp.

Kva kan du gjere sjølv?

  • Unngå å bruke såpe og produkt med parfyme i underlivet.   
  • Bruk lause klede og laustsittande undertøy som leit underlivet få puste.   
  • Skift undertøy dagleg.  

Går soppinfeksjon over?

Soppinfeksjon er ikkje farleg, men ganske plagsamt. Etter behandling bør du kjenne deg heilt frisk og fin igjen.

Viss soppinfeksjonen ofte kjem tilbake, kan du prate med fastlegen din om andre typar behandling.

Topikale sopmiddel til gravid - RELIS. 

Steinar Hunskår (red) (2023). Allmennmedisin. Gyldendal 4. utg.

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Soppinfeksjon i underlivet. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Tuesday, November 17, 2026 [henta Saturday, November 21, 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/sykdom/underliv/underlivssopp/

Sist oppdatert 17. November 2026

Did you find what you were looking for?