Nedsett syn når du er eldre

Det er vanleg å få dårlegare syn når du blir eldre. Du kan få ein enklare kvardag om du legg til rette heimen din ut frå kor mykje du ser.

Har du fått dårlegare syn?

Det er vanleg at synet blir dårlegare når du blir eldre. Dette synstapet skjer gradvis. Du blir lettare blenda i mørket, kontrastane blir viska ut og fargane er ikkje klare som før. Mange merke dette når dei køyrer bil, kanskje spesielt i tunnel, i mørket og i regnver.  

Det er mykje som kan løysast med rette briller, god belysning og tilrettelegging av omgivnadane dine, uavhengig av om du har ein augesjukdom eller ikkje. 

Det er fleire måtar du kan legge til rette i heimen din. 

Pass på at du har ei god og jamn belysning i heimen din. Det vil gjere det enklare for deg å sjå omgivnadane dine. 

Pass på at du fjernar ting du kan snuble i. Dette kan vere: 

  • teppekantar 
  • småbord 
  • leidningar 

Ta vare på synet ditt

Her finn du nyttige råd for å ta vare på synet ditt. Generelt er det å ha normalt god helse bra for synet og augehelsa di.

Illustrasjon: Getty Images

Har du ein augesjukdom?

Det er fleire vanlege aldersrelaterte augesjukdomar. Det er viktig at du går til jamlege synsundersøkingar, så du raskt finn ut av om du har fått ein augesjukdom. Det er viktig at du møter opp på augeundersøkingane du får anbefalt og at du lyttar godt på råda du får. 

Vanlege augesjukdomar når du blir eldre er:  

Her finner du ei oversikt over ulike augesjukdomar.

Slik kan du leve bedre med nedsatt syn

Ha faste plasser til tingene dine, og sørg for riktig belysning rundt deg. Fortell dine nærmeste og andre du omgås om at du har nedsatt syn.

Illustrasjon: Nejron / Mostphotos

Innhaldet er levert av The Norwegian Directorate of Health

The Norwegian Directorate of Health. Nedsett syn når du er eldre. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert Monday, March 4, 2024 [henta Sunday, July 27, 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/en/syn/eldre/

Sist oppdatert Monday, March 4, 2024