EKG (elektrokardiografi)

EKG er ein metode som vert brukt for å registrere den elektriske aktiviteten i hjartet. Det er særleg dei elektriske impulsane som vert fanga opp når hjartemuskelen trekk seg saman.

Kabler til EKG-maskinen og utskrift av graf som viser hjerterytme.

Kva viser EKG?

Ved hjelp av EKG kan vi slå fast om hjartet slår regelmessig, om det er ujamn rytme eller om det er ekstraslag. Hastigheita og bredding av dei elektriske impulsane seier også noko om skade av hjartemuskelen og tjukkelse eller størrelse av hjartet.

EKG er ein viktig del i samband med utgreiing og kontroll av alle slags hjartelidingar.

Korleis gjerast undersøkinga?

EKG blir gjort hos fastlegen eller på sjukehus. Det er oftast ein sjukepleiar/helsefagarbeidar som tar EKG. EKG blir tolka av lege, og du får svar etter legen har granska EKG-et.

EKG krev ingen spesielle førebuingar.

Under EKG-takinga ligg du på ein undersøkingsbenk/i seng, og du må ta av deg kleda på overkroppen.

Klistrelappar med leidningar blir festa på huda, ein på kvar arm og kvar fot, i tillegg til seks leidningar på brystet. Leidningane blir kopla til EKG-apparatet som registrerer dei elektriske impulsane i hjartet .

Gjer det vondt?

Sjølve undersøkinga tar ca 5 minutt og er heilt smertefri. Du merker ikkje at registreringa blir utført. Resultatet blir best om du ligg stille.
Det er ingen risiko knytt til undersøkinga.

Content provided by Universitetsykehuset Nord-Norge HF

Universitetsykehuset Nord-Norge HF. EKG (elektrokardiografi). [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Thursday, February 16, 2023 [retrieved Friday, October 11, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/undersokelse-og-behandling/ekg/

Last updated Thursday, February 16, 2023