MR-undersøking

Ved MR-undersøking (magnetisk resonans) ligg du i eit magnetfelt, mens MR-maskina lagar bilete ved hjelp av radiobølger. MR-undersøking inneber inga form for røntgenstråling.

MR-undersøkelse

MR-undersøking gir spesielt god framstilling av forandringar i muskulatur, bindevev og sentralnervesystemet. I tillegg kan MR framstille sjukdomsforandringar i skjelettet, hjartet, bryst, blodårer, urinvegar og bukorgan, inklusiv tarmsystemet.t.

Tilvising og vurdering

Tilvising blir vanlegvis skrive av lege på sjukehuset eller i primærhelsetenesta.

Tannlegar kan tilvise til MR. Kiropraktorar og manuellterapeutar kan også tilvise til MR i forbindelse med muskel- og skjelettplager.

Slik førebur du deg til undersøkinga

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du:

  • har pacemaker
  • har høyreapparat
  • har klips på blodkar i hovudet
  • har metallsplint i auge
  • er gravid
  • har anna innoperert metall i kroppen og elektronikk

Sjekkliste: Dette må du fjerne før undersøkinga:

  • Klokker, bank- og kredittkort. Desse kan bli øydelagde av magnetfeltet.
  • Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke. Desse kan bli trekt inn mot apparatet i stor fart.
  • Høyreapparat. Det kan bli påverka av magnetfeltet.
  • Tannprotesar. Dei kan forstyrre i bileta. Lause tannprotesar må bli tatt ut om du skal undersøke hovudet/halsområdet.
  • Augesminke. Den kan innehalde små delar av metall som kan forstyrre bileta.

Dersom du bruker medisinar, kan du ta dei på vanleg måte.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

I nokre tilfelle må det settast kontrastvæske i blodet. Du får eit tynt plastrøyr (venekanyle) lagt inn ei blodåre. Dersom det er aktuelt å gi deg kontrastvæske i forbindelse med undersøkinga, vil legen din bestille nyrefunksjonsprøve (blodprøve) som du må ta før MR-timen. Er dette tilfelle for deg, vil det stå i innkallingsbrevet ditt. MR-kontrast gir sjeldan biverknadar i form av allergiliknande reaksjonar.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du bør ta kontakt med avdelinga dersom du trur dette kan bli eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Amming

Overgang av kontrastmiddel til morsmjølk er minimal, og du kan ta MR sjølv om du ammar.

Slik føregår MR-undersøkinga

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei røyrforma maskin som er open i begge endar. Avhengig av kva område på kroppen som skal undersøkast, ligg du med hovudet eller beina først.

Mens fotograferinga skjer, høyrer du ei rekke bankelydar i maskina. Du får øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga er i gang.

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg.
Skal du undersøke bekkenorgana, kan det vere nødvendig å sette ei sprøyte med eit stoff som får tarmen til å slutte å bevege seg ei lita stund. Tarmbevegelsar kan elles gi forstyrringar i bileta.

Undersøkingstida varierer frå 15 minutt til 1 1/2 time, avhengig av kva område som skal undersøkast og kor mange bilete ein skal ta.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel. Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Du kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt eller farleg. Denne følelsen gir seg når undersøkinga er over.

Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi kontrastvæske i ei blodåre i armen for at organ eller blodårer skal kome godt fram på bileta. Forutan eit stikk i armen, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

Kva skjer etter MR-undersøkinga?

Er du innlagt på sjukehuset, kjem du tilbake til avdelinga. Dersom du har fått kontrastvæske, må du vente til det har gått 30 minutt. Elles kan du reise heim når du er ferdig. Har du brukt avslappande medikament, bør du ikkje køyre bil sjølv.

Resultatet av undersøkinga

Bileta blir granska av ein radiolog (overlege) som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten blir sendt til legen som tilviste deg. Bileta og rapporten blir lagra i datasystemet vårt.

Risiko ved MR-undersøkingar

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

For pasientar med sterkt redusert nyrefunksjon kan det oppstå alvorlege biverknader etter bruk av MR-kontrastmiddel. Det blir tatt særlege omsyn til denne pasientgruppa. MR-kontrastmiddel kan ein gi der det er nødvendig å påvise sjukdomstilstandar, etter nøye medisinsk vurdering.

Dersom det er aktuelt å gi deg kontrast i forbindelse med undersøkinga, vil det i nokre tilfelle vere behov for å avklare nyrefunksjon ved hjelp av ei blodprøve. Er dette tilfelle for deg, vil det stå i innkallingsbrevet ditt.

Content provided by St. Olavs hospital HF

St. Olavs hospital HF. MR-undersøking. [Internet]. Oslo: The Norwegian Directorate of Health; updated Tuesday, May 17, 2022 [retrieved Sunday, March 3, 2024]. Available from: https://www.helsenorge.no/en/undersokelse-og-behandling/mr-undersokelse/

Last updated Tuesday, May 17, 2022