Igangsetting av fødsel (induksjon)

Nokon gonger må fødselen bli sett i gang. Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Legen avgjer kva for ein metode som er best for deg og barnet ditt.

Nokre gonger må fødselen settas i gang. Her sjekkar en sjukepleier ei gravid kvinne.

Kort oppsummering

Utgangspunktet for all fødselshjelp er å fremje ein naturleg fødsel. Det kan likevel vere faktorar både hos mor, barnet eller hos begge som gjer at det beste er å framskunde fødselen.

Igangsetting av fødselen (induksjon) blir alltid gjort på bakgrunn av ei grundig vurdering, og blir berre gjort når det blir vurdert som den beste behandlinga for deg og barnet ditt.

Kor lang tid tar det?

Når vi set i gang fødselen, ønsker vi å framskunde fødselen før kroppen sjølv er klar for dette. Å få fødselen i gang kan derfor ta fleire dagar for nokon kvinner, mens for andre kan det ta berre nokre timar.

Om din fødsel blir sett i gang, bør du innstille deg på at det kan ta tid før fødselsriene startar og du føder.

Det er aldri mogleg å seie nøyaktig kor lang tid ein fødsel vil ta. Når i svangerskapet fødselen blir sett i gang, om du har rier eller fostervatnet har begynt å renne og om du har fødd før, er alle faktorar som kan påverke kor lang tid fødselen tar. Korleis kroppen din responderer på den igangsettingsmetoden som blir brukt, veit vi ikkje før behandlinga er starta.

Høygravid kvinne

Når fostervatnet går

Mistenker du at fostervatnet har begynt å lekke, skal du alltid ta kontakt med fødeavdelinga der du skal føde

Illustrasjon: iStockphoto

Terminkontroll (veke 41-kontroll)

Alle gravide får tilbod om terminkontroll på fødeavdelinga der dei skal føde, når dei er 6-9 dagar over termindato fastsett ved ultralyd. Svangerskapet er då ikkje på overtid.

Overtid i svangerskapet er når svangerskapet varer meir enn 42 veker (>294 dagar), eller 11 dagar over termindato fastsett ved ultralyd.

Jordmor på helsestasjonen eller fastlegen din tilviser deg til denne kontrollen. Terminkontrollen kan avtalast til første vekedag som er praktisk gjennomførbar .

Kva skjer under terminkontrollen?

Terminkontrollen er ein utvida svangerskapskontroll. Hugs å ta med deg «Helsekort for gravide» og andre papir du har fått av jordmor eller lege til kontrollar.

Ta med deg urinprøve som til ein vanleg svangerskapskontroll.

I tillegg til dei vanlege undersøkingane som blir gjort på ein svangerskapskontroll gjerast:

  • CTG-registrering der ein registrerer hjartelyd og aktivitet hos barnet ditt. Registreringa tar om lag ein halv time.
  • Ultralydundersøking for å vurdere mengda av fostervatn, sjå på fosterbevegelsar og fosterets storleik.
  • Vaginalundersøking kan vere aktuelt å gjere.

Ut frå dei undersøkingane som blir gjort, ein samtale med deg og ei vurdering av din og barnets tilstand – blir det lagt ein plan for vidare behandling og oppfølging. Om det blir bestemt at fødselen skal settast i gang, vil legen bestemme kva for ein igangsettingsmetode som er best for deg og barnet ditt.

Dei aller fleste drar heim etter den første terminkontrollen med ny avtale/time om 2-3 dagar og med avtale om igangsetting seinast uke 42+0.

Ulike metodar for å sette i gang fødsel

Under graviditeten er livmorhalsen fast og fleire centimeter lang. Etter kvart som du nærmar deg fødselen, seier vi at livmorhalsen blir moden. Det vil seie at den blir mjukare og kortare, og begynner å opne seg.

Det er ulike metodar som kan brukast for å framskunde ein fødsel. Kva metode som er best for deg, blir avgjort av lege eller jordmor ut frå ei individuell vurdering, blant annet av kor moden livmorhalsen er. Dette vurderast ved å gjere ei innvendig vaginalundersøking.

Modning av livmorhalsen med Foley-kateter

Dersom livmorhalsen er lite moden, startar induksjonen ofte med å legge inn et Foley-kateter, også kalla ein ballong. Foley-kateter er ein mjuk gummislange med ballong i enden som ellers blir brukt til å tappe urin frå urinblæra (kateterisering).

Kva skjer under behandlinga?

Legen fører kateteret inn i livmora via skjeden og gjennom livmorhalsen. Du må ligge i gynekologisk leie med beina i beinhaldarar medan katateret blir sett på plass.

Når kateteret er på plass, blir ballongen i enden av kateteret fylt med sterilt saltvatn. Ein del av kateteret/gummislangen blir hengande ut av skjeden din. Denne blir festa til låret ditt med tape, og er ikkje til hinder for vanleg aktivitet som bevegelse og toalettbesøk. Det er vanleg at det kjem utflod blanda med litt friskt blod frå skjeden eller i slangen etter at kateteret er sett på plass.

Korleis verkar kateteret?

Irritasjon og trykk frå ballongen mot livmorhalsen fører til at hormonet prostaglandin blir frigjort. Prostaglandin er med på å modne livmorhalsen.

Korleis opplever du behandlinga?

Dei fleste kan reise heim etter at kateteret er sett på plass. Om det er tilstandar hos deg eller barnet som treng ekstra overvaking, vil innlegging på sjukehus bli vurdert.

Kateteret blir gjerne liggande i cirka 18 til 24 timar, om det ikkje fell ut av seg sjølv. Kort tid etter at kateteret er sett inn, kan du oppleve å få ein del samantrekningar i livmora. Desse samantrekningane varierer i intensitet og styrke, og du kan få menstruasjonsliknande smerter nedst i magen og korsryggen. Dei kan vare i fleire timar og er et teikn på at behandlinga har god effekt. Hos nokon vil desse gå over i fødselsrier og fødsel.

Før du drar frå sjukehuset vil du få informasjon om korleis du skal te deg heime. Dersom kateteret faller ut etter at du har reist frå sjukehuset, bør du ta kontakt med fødeavdelinga. Det bør du og om du blør, eller fostervatnet går, får feber eller andre endringar i kroppen din. Du skal ta kontakt ved mindre fosterbevegelsar enn det som er vanleg for ditt barn.

Når du drar, får du ein avtale med fødeavdelinga om og når og kor du skal kome tilbake for vidare behandling.

Modning av livmorhalsen ved bruk av hormon

Målet med denne behandlinga er å modne livmorhalsen og stimulere til samantrekningar og rieaktivitet. Det syntetiske hormonet prostaglandin blir brukt for å oppnå denne effekten. Prostaglandin blir gitt i form av ein tablett du svelger, eller ein liten tablett eller kapsel om blir lagt inn i skjeden. I enkelte tilfelle blir hormonet gitt i form av et vaginalinnlegg.

Kva skjer under behandlinga?

Ved denne behandlinga er du innlagt på sjukehus. Før behandlinga startar vil lege eller jordmor gjere ei vaginal undersøking for å vurdere kor moden livmorhalsen er.

Det vil bli tatt ei CTG-registrering av barnet både før og regelmessig under behandlinga. CTG (carditokografi) er ei elektronisk overvaking av barnets hjarteslag, i tillegg til mors rieaktivitet.

Dersom tablettane skal leggast inn i skjeden, blir du anbefalt å tømme urinblæra først. Når tablettane er på plass, må du ligge i senga ei stund for å unngå at dei fell ut.

Kor lenge varer behandlinga?

Du får nye tablettar kvar 2-4 time (avhengig av metode og dosering), inntil modning av livmorhalsen er oppnådd, eller du får rier. Kor mange tablettar som må til for å oppnå modning av livmorhalsen, varierer frå kvinne til kvinne.

Effekten av behandlinga vurderast fortløpande, blant annet ved å undersøke kor moden livmorhalsen er. Det gjerast regelmessige vaginalundersøkingar, og om du får rier/samantrekningar, vil styrke og hyppigheita på riene vurderast fortløpande. Ut frå disse vurderingane planlegg jordmor og/eller lege vidare behandling og oppfølging.

Nokon kvinner får hyppige, plagsame kynnarar/samantrekningar av livmora i forbindelse med denne behandlinga, utan at fødselsriene kjem i gang. Om ikkje desse samantrekningane fører til opning av livmorhalsen, så har samantrekningane likevel ein viktig funksjon for modninga av livmorhalsen.

Stikke hol på fosterhinnene – ta fostervatnet

Om det er modent nok, vil jordmor eller lege ved hjelp av ein liten plastkrok lage eit hol i fosterhinnene for å få fostervatnet til å renne ut. Dette blir kalla ein amniotomi. Dette er ikkje smertefullt verken for deg eller for barnet. At vatnet er tatt, kan også stimulere til rier og kan fremje fødselsprosessen.

Drypp for å stimulere til rier

Når vatnet er tatt og livmorhalsen er moden og klar for å begynne å opne seg, blir ofte oxytocindrypp valt som metode for å sette i gang fødselen.


Oxytocin er et hormon som får muskelfibrane i livmora til å trekke seg saman og på den måten lage rier. Det er riene som får livmorhalsen til å opne seg så barnet kan passere gjennom fødselskanalen.

Kva skjer under behandlinga?

Jordmor legg inn ein venflon i ei av blodårene oppå handa di. Venflon er ein tynn plastslange som blir liggande inne i blodåra, og medisinen blir gitt via denne. Slangen blir festa godt med plaster, og du kan bruke handa som vanleg under fødselen.

Via venflonen får du tilført hormonet Oxytocin. Mengda Oxytocin som blir tilført, blir justert og vurdert fortløpande. Ein startar alltid med låg dose og trappar gradvis opp, inntil du får rier som fører til at livmorhalsen opnar seg og får fødselen i gang.

Nokre må ha drypp tilkopla heilt til barnet er fødd, men ofte kan dryppet reduserast eller fjernast fordi kroppen sjølv tar over produksjonen av Oxytocin. Kroppens eigen rieaktivitet er då komen i gang og overtar for dryppet.

Når fødselen blir sett i gang ved drypp, blir barnets hjarteslag og din rieaktivitet nøye overvaka. Du blir derfor kopla til eit CTG-apparat som registrerer hjarteslag, hos barnet.

I nokre tilfelle kjem ikkje riene i gang sjølv om du får drypp. Du kan få kynnarar og rier som ikkje får mormunnen til å opne seg eller ikkje får fødselsprosessen til å gå framover. Då kan det bli aktuelt å ta ein pause eller å avslutte behandlinga. Nokon kvinner får eigne rier etter at vi har stengt av dryppet, men om det ikkje skjer, vil det bli vurdert nytt drypp etter ein pause. Om fødselen ikkje lar seg sette i gang, vil det bli vurdert å gjere keisersnitt.

Zanzu

Informasjon om graviditet, fødsel og barseltid på arabisk, engelsk, farsi, fransk, norsk, polsk, somali, tigrinja og tyrkisk retta mot innvandrarar og andre med kort butid.

Dögl M, Romundstad P, Berntzen LD, Fremgaarden OC, Kirial K, Kjøllesdal AM, et al. Elective induction of labor: A prospective observational study [Elektronisk artikkel]. PLoS ONE 2018. 13(11): e0208098. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://doi.org/10.1371/journal.pone.0208098

Grobman W. Induction of labor: Techniques for preinduction cervical ripening. I: Lockwood CJ og Barss VA, redaktører. UpToDate [Internett]. Waltham (MA); UpToDate Inc; 2021 [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.uptodate.com/contents/induction-of-labor-techniques-for-preinduction-cervical-ripening

Helsedirektoratet. Fødsel - igangsetting av fødsel i 2019 [Internett]. Oslo: 2020 Nasjonale kvalitetsindikatorer (NKI) [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra:
https://www.helsedirektoratet.no/statistikk/kvalitetsindikatorer/fodsel-og-abort/igangsetting-av-f%C3%B8dsel

Jozwiak M, Bloemenkamp KWM, Kelly AJ, Mol BWJ, Irion O, Boulvain M Mechanical methods for induction of labour [Elektronisk artikkel]. Cochrane Review 2012. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.cochrane.org/CD001233/PREG_mechanical-methods-for-induction-of-labour

Middleton P, Shepherd E, Crowther CA. Induction of labour in women with normal pregnancies at or beyond term [Elektronisk artikkel]. Cochrane Review 2018. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.cochrane.org/CD004945/PREG_induction-labour-women-normal-pregnancies-or-beyond-term

Oppegaard KS et al. Induksjon/igangsettelse av fødsel - Modning av cervix/livmorhalsen før fødsel [Internett]. Oslo: Norsk gynekologisk forening Veileder i fødselshjelp; 2020. ePub. ISBN 978-82-692382-0-4. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://www.legeforeningen.no/foreningsledd/fagmed/norsk-gynekologisk-forening/veiledere/veileder-i-fodselshjelp/induksjonigangsettelse-av-fodsel-modning-av-cervixlivmorhalsen-for-fodsel

Sørbye IK, Oppegaard KS, Weeks A, Marsdal K, Jacobsen AF. Induction of labor and nulliparity; A nationwide clinical practice pilot evaluation [Elektronisk artikkel]. AOGS 2020: 99; 1700-1709. [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://doi.org/10.1111/aogs.13948

World Health Organization. WHO recommendations for induction of labour [Internett - PDF]. Geneve: Who; 2011 [hentet 2021-09-20]. Tilgjengelig fra: https://apps.who.int/iris/bitstream/handle/10665/44531/9789241501156_eng.pdf?sequence=1

Innhaldet er levert av Oslo universitetssykehus HF

Oslo universitetssykehus HF. Igangsetting av fødsel (induksjon). [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 20. september 2021 [henta måndag 14. oktober 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/fodsel/igangsetting-av-fodsel/

Sist oppdatert måndag 20. september 2021