Forstua ankel

Dersom du har forstua ankelen, blir han vond og hoven. Det kan vere vanskeleg å gå, men dei fleste blir heldigvis raskt bra att.

Kva er ein forstua ankel?

Når du forstuar ankelen, blir leddbanda som knyter føtene saman ved ankelleddet, skadde. Du kan òg få ein skade som heiter forstrekking. Dette er noko anna enn ei forstuing. Overbelastinga skjer då ved strekk eller drag i ein muskel og ikkje i eit leddband.

Symptom på forstua ankel

Ein forstua ankel er smertefull og hoven, og han kan kjennast varm når du tek på han. Det kan vere vanskeleg å røre på foten eller stå på han. Dersom ankelen er veldig hoven og du har problem med å gå på han, bør du oppsøke lege. Du må ta røntgenbilete dersom legen mistenker at ankelen er brekt.

Merkte du eit rykk eller at noko rivna då du vrikka ankelen, kan det tyde at du har rive av eitt eller fleire leddband. Avrive leddband er den mest alvorlege forma for forstuing.

Behandling

Førstehjelp ved forstua ankel

Førstehjelp følgjer RICE-prinsippet. Dette er ei engelsk forkorting, og står for:

  • "Rest": Du skal halde beinet i ro i ein dag eller to, og så kan du prøve å belaste det igjen.
  • "Ice" (is): Ankelen skal kjølast ned, for eksempel ved å sitje 30 minutt med ein pose med frosne erter pakka inn i eit handklede. Enkelte bruker nedkjølande spray.
  • "Compression": Du skal komprimere med ein elastisk bandasje, men bandasjen skal ikkje vere så stram at blodtilførselen blir hindra.
  • "Elevation" (elevasjon): Du skal halde foten heva når du sit, ettersom det motverkar hevelse.

RICE-handlingane dempar hevelsen og reduserer smerta. Når den verste smerta og hevelsen er borte, bør du gradvis begynne å belaste foten.

Ei tilpassa belasting dempar hevelsen og hjelper tilhelinga av skaden. Det kan vere lettare å gå om du støttar ankelen med ein elastisk bandasje. Tidleg tilpassa belasting kan òg verne ankelen mot nye overtrakk.

Legemiddel

Det kan vere lurt å ta betennelsesdempande legemiddel (for eksempel ibuprofen eller naproxen) i ein kort periode på tre–fire dagar. Desse reseptfrie legemidla reduserer både hevelse og smerter. Ver obs på at langvarig bruk kan irritere magen eller i verste fall gi magesår.

Kirurgi

Det er sjeldan at ein forstua ankel må opererast, men enkelte slit med ein svak og smertefull ankel lenge etter skaden, spesielt etter ei kraftig forstuing. Opplever du smerter og at ankelen heile tida glipp eller gir etter, seks månader etter skaden, kan kirurgisk reparasjon av avrivne leddband vere til hjelp.

Ved eit kirurgisk inngrep er det ein liten risiko for komplikasjonar, for eksempel at nervane i foten kan bli skadde. Nokre få pasientar pådreg seg ein infeksjon, får ei bløding eller utviklar slitasjegikt.

Anna behandling

Enkelte fysioterapeutar bruker elektromagnetisk energi for å auke blodforsyninga til ankelen. Det finst ingen dokumentasjon for at denne behandlinga reduserer hevelse. Bruk av ultralyd har heller ingen dokumentert effekt på tilhelinga.

Prognose

Du blir mest truleg heilt bra igjen – sjølv etter ei kraftig forstuing. Dess større skaden er, dess lengre tid treng ankelen på å bli bra igjen. Etter ei mild forstuing kan dei fleste gå greitt igjen etter éi til to veker. Etter ei kraftig forstuing kan det ta opptil seks veker. Over halvparten klarer å begynne å arbeide i løpet av tre veker. Opptil éin av tre personar har framleis litt vondt etter eitt år.

Dei fleste kan trene like godt som før skaden skjedde, innan tolv månader. Det er likevel viktig å verne ankelen så du ikkje forstuar han igjen, spesielt dei første seks vekene etter skaden. Du kan mellom anna teipe ankelen, slik at han blir meir stabil når du driv med idrett.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Ankelforstuing - Vrikket ankel. Helsebiblioteket.no, 2022. 

Ankle sprain (PDF). Originalbrosjyre frå BMJ Best Practice, 2021. 

 

Innhaldet er levert av Helsebiblioteket/BMJ

Helsebiblioteket/BMJ . Forstua ankel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 25. mars 2022 [henta søndag 16. juni 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/behandling-av-skader/forstuet-ankel/

Sist oppdatert fredag 25. mars 2022