Kva er ein forstua ankel?

Ein forstua ankel oppstår når leddbanda som stabiliserer ankelleddet blir skada. Dette skjer ofte ved at foten blir bøygd innover og leddbanda på utsida av ankelleddet blir overbelasta. Dette kan til dømes skje under løping eller når du går i ulendt terreng.  

Symptom på forstua ankel

Dei vanlegaste symptoma er:   

  • smerte i ankelen
  • hevelse
  • blåmerke
  • smerter når du står eller går på foten 

Når bør du oppsøke helsepersonell

Kontakt fastlege eller legevakt dersom: 

  • du er ute av stand til å stå eller gå på foten 
  • du har sterke smerter når du trykker på ankelknoklane eller midt på foten
  • ankelen er svært hoven, misdanna eller kjennast ustabil
  • du har nummenheit, prikking eller ein kald fot
  • plagene ikkje blir betre etter nokre dagar 

Du kan trenge røntgen for å utelukke brot. 

Behandling

Førstehjelp ved forstua ankel 

Dei første 1–2 døgna etter skaden: 

  • Avlast ankelen ved å halde han i ro
  • Du kan kjøle ned i 10–20 minutt fleire gonger dagleg (bruk alltid noko mellom is og hud) 
  • Bruk elastisk bandasje for å redusere hevelse
  • Hald foten heva når du kviler 

Når smerta tillèt det, bør du byrje med forsiktig rørsle og gradvis belastning. Dette fremjar tilheling og reduserer stivleik. 

Medisinar 

Du kan bruke smertestillande ved behov. Paracetamol er ofte førsteval. 

Betennelsesdempande medisinar (som ibuprofen) kan vere aktuelt i kort tid, men bør brukast med varsemd og kun viss helsa  tillèt det. 

Fysioterapi 

Fysioterapi kan vere aktuelt ved meir alvorlege skader eller viss plagene trekker ut i tid og du har vanskar med å kome i gang med belastning av foten.  

Opptrening inneber: 

  • bevegelse
  • balanse
  • styrketrening 

Dette er viktig for å få tilbake normal funksjon og redusere risiko for ny skade. 

Operasjon 

Det er sjeldan behov for operasjon. Nokre få med langvarige plager og ustabil ankel kan ha nytte av operasjon. 

Prognose

Den forstua ankelen blir som regel  heilt bra igjen. 

Etter ei mild forstuing kan du ofte gå normalt igjen etter 1–2 veker. Ved meir alvorleg skade kan det ta 4-6 veker. Det er vanleg at hevelsen kan vare i fleire veker, og hos nokre i lengre tid.  

Du har auka risiko for å trakke over på nytt dei første månadene etter skaden. Balansetrening, støtte (bandasje eller ortose) og sko som gir god støtte rundt ankelen kan redusere risikoen.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Innhaldet er levert og kvalitetssikra av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Forstua ankel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 17. august 2026 [henta laurdag 22. august 2026]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/behandling-av-skader/forstuet-ankel/

Sist oppdatert 17. august 2026

Fann du det du lette etter?