Førstehjelp ved elektrisk støyt

Om nokon rundt deg får elektrisk støyt, er det viktig at du fjernar dei trygt frå straumkjelda så fort som mogleg.

Dette bør du gjere viss ein person får elektrisk støyt

Fjern personen frå straumkjelda

Det er viktig at du straks fjernar personen frå det som gir dei straum. Det kan du gjere ved å dra ut støpselet, slå av hovudbrytaren eller kople frå hovudsikringa.

Unngå å ta direkte i kroppen til den som har kontakt med det som fører straum. Då kan du sjølv få straum i deg. Du kan i staden ta tak i kleda, eller bruke eit tøystykke for å dra personen til deg. Du må ikkje ha fuktige hender eller ta tak i våte klede.

Etter at du har fjerna personen frå det som fører straum, er det ikkje farleg å ta i kroppen deira. Viss personen hang fast på grunn av straumgjennomgangen bør dei ha medisinsk tilsyn.

Sjekk tilstanden

Dersom personen er bevisstlaus og har slutta å puste, må du ringe 113 umiddelbart og starte hjarte​​- og ​lungeredning.

Dersom personen er bevisstlaus, men pustar, skal du legge personen i sideleie for å sikre at dei har frie luftvegar. Du må òg ringe 113.

Viss personen er vaken og ikkje ser skadd ut etter å ha kome borti noko straumførande, kan du ringe legevakta på telefon 116 117 eller fastlegen. Det er viktig å overvake personen fram til du har fått kontakt med helsepersonell og får beskjed om kva du skal gjere vidare.

Symptom etter straumgjennomgang

Ein person som har fått straum gjennom kroppen kan ha symptom som:

  • redusert bevisstheit
  • forvirring
  • kjenner seg uvel
  • teikn på nerveskadar

Nokre straumskadar kan òg gi brannskadar som treng behandling.

Dei første timane etter at ein person har hatt straumgjennomgang er det fare for hjarterytmeforstyrringar. 

Kor farleg er elektrisk støyt?

Mindre elektriske støyt er som regel meir overraskande enn farlege, særleg ved elektrisk støyt med lågspent straum (230 volt). Men i nokre tilfelle kan sjølv små mengder elektrisitet vere farlege. Dette gjeld særleg for små barn.

Personar som har vore utsette for høgspenning, lynnedslag eller fått straum gjennom overkroppen skal alltid ha medisinsk hjelp. Dette kan til dømes vere straumgjennomgang frå arm til arm eller arm til fot. Av og til kan det ta litt tid før symptoma blir viser seg. Ring derfor alltid 113, sjølv om personen verkar uskadd.

Tips til å førebygge elektrisk støyt

  • bruk beskyttarar som dekker inngangen til stikkontaktane i veggen
  • pass på at leidningar ikkje ligg laust eller sleng
  • sørg for at det elektriske anlegget i huset er godt heldt ved like
  • ikkje utfør elektrisk arbeid du ikkje er kvalifisert for
  • bruk verneutstyr

Les mer om straumskader og førebygging på stami.no

Barn foran vaskemaskinen

Sikkerhet for små barn (1-6 år)

Få tips til hvordan du kan barnesikre hjem og omgivelser. Barnets alder bestemmer hvilke forholdsregler du bør ta.

Illustrasjon: Johnér Bildbyrå AB

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Innhaldet er levert av Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS)

Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS). Førstehjelp ved elektrisk støyt. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert onsdag 8. mai 2024 [henta onsdag 21. mai 2025]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/elektrisk-stot/

Sist oppdatert onsdag 8. mai 2024