Førstehjelp ved blødingar og sår

Ein skade kan føre til indre eller ytre bløding. Det er viktig å stoppe blødinga og sørgje for at såret blir halde reint. Ring 113 ved indre blødingar.

Førstehjelp ved indre blødingar

Indre blødingar er ikkje synlege på kroppen. Har ein person vore utsett for store krefter, som ei trafikkulykke, vald eller høgt fall, kan personen ha fått indre blødingar.

Når skal du ringje 113?

Ring 113 dersom den skadde viser nokon av desse symptoma:

  • Rask pust
  • Bleik, kald og klam hud
  • Smerter i til dømes bryst, mage, bekken eller lår
  • Uro og forvirring
  • Redusert medvit
  • Misfarging i skadeområdet

Kva kan du gjere sjølv?

Du kan ikkje stoppe ei indre bløding, men det er nokre viktige tiltak du kan gjere mens du ventar på ambulansen:

  • Hald personen varm for å unngå nedkjøling. Pakk den skadde inn i varme klede eller teppe og noko vindtett. Pass spesielt på å leggje noko under personen som beskyttar mot varmetap frå bakken.
  • Hald personen i ro. Rørsle kan auke blødinga.

Førstehjelp ved ytre blødingar

Eit stort blodtap kan gi alvorlege konsekvensar. Derfor er det viktig å stoppe ei bløding så raskt som mogleg. Det kan også kome ureinskapar inn i kroppen som kan gje infeksjonar.

Når skal du ringje 113?

Ring 113 ved større blødingar og blødingar du ikkje klarer å stoppe.  Du må òg ringje 113 dersom den skadde viser nokon av desse symptoma:

  • Raskare pust
  • Bleik, kald og klam hud
  • Uro og forvirring
  • Redusert medvit

Kva kan du gjere sjølv?

Avgrens blødinga:

  • Trykk bandasje eller reint tøy direkte mot blødinga og bruk fingrane til å presse mot såret for å redusere blødinga mest mogleg. Har du ikkje tøy, bruk fingrane eller knyttneven.
  • Den som er skadd, må leggje seg ned og halde kroppsdelen som blør, heva over hjartehøgd, dersom det er mogleg.

Bandasjar med press mot blødinga:

  • Legg ein stram bandasje over blødinga. Du kan òg leggje noko hardt på bandasjen, som ein bandasjerull eller ein liten stein, slik at det pressar ekstra hardt mot blødinga.
  • Dersom det sit fast gjenstandar i såret, må du ikkje fjerne dei. Det kan auke blødinga.
  • Blør det gjennom bandasjen, legg du ein ny bandasje utanpå, med større press mot blødinga.

Overvak og hald kroppstemperaturen oppe:

  • Pakk personen som er skadd, inn i varmt tøy eller teppe for å unngå nedkjøling. Blødinga aukar dersom den skadde blir kald.
  • Overvak og ring 113 om personen blir sløvare eller noko endrar seg.

Behandling av mindre blødingar og sår

Djupe sår og kutt

Du kan stoppe mindre blødingar ved å trykkje eit reint tøystykke hardt mot såret i 5–10 minutt. Dersom såret spriker, klemmer du det saman og set eit plaster eller strips på tvers av såret.

Når skal du kontakte lege?

Er såret meir enn 1–2 cm langt og spriker meir enn 3–4 mm, bør du kontakte lege så fort som mogleg for behandling. Kutt i ansiktet og på halsen er ofte djupare enn det ser ut til. Kontakt alltid lege dersom du er usikker på kor djupt såret er.

Dersom såret må behandlast av lege, er det viktig at du stansar eller avgrensar blødinga. Dekk til såret med ein rein bandasje og sørg for å kome deg til lege så raskt som mogleg. 

Skrubbsår og rifter

Vask såret og huda rundt såret i lunka vatn eller sårvatn. Er det rusk og skit i såret, bør du bruke vatn med ei mild og nøytral såpe, utan parfyme. Du kan òg reinse såret ved å bruke handdusjen eller eit reint, fuktig tøystykke (klut, lommetørkle, kompress, gasbind eller liknande).

Små sår gror best utan plaster, men bruk plaster eller bandasje dersom du trur det kan kome skit i såret. Er såret større, kan du bruke kompress med sårsalve.

Bit frå dyr og menneske

Dersom du blir biten eller klora av eit dyr, kan du få infeksjon i såret. Du kan òg risikere å få stivkrampe. Reins derfor såret nøye så fort som mogleg og kontakt lege. Legen kan informere deg om vidare behandling og vurdere om du må ta stivkrampevaksine.

Dersom du blir biten av eit menneske, skal du behandle dette på same måte som om du blir biten av eit dyr.

Innhaldet er levert av Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS)

Nasjonal kompetansetjeneste for prehospital akuttmedisin (NAKOS). Førstehjelp ved blødingar og sår. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 16. april 2024 [henta laurdag 27. april 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/forstehjelp-ved-blodninger/

Sist oppdatert tysdag 16. april 2024