Ring 113 – heller ein gong for mykje, enn ein gong for lite

Du kan alltid ringje 113 dersom du trur at ein sjukdom, skade eller situasjon er alvorleg. Det er ikkje alltid så lett å vurdere. Då er det viktig at du ringjer likevel.

Kvinne svarer 113-telefon

Det er vanleg å vere redd for å vere til bry. Hugs på at det kan bli mykje meir bry om du ringjer for seint. Ring heller ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Når skal du ringje 113?

Ring medisinsk naudnummer 113 når du treng akutt helsehjelp og det kan stå om liv og helse. Det kan til dømes vere ved ulukker, alvorleg sjukdom eller livstrugande situasjonar. Døme på nokre situasjonar der du bør ringje 113:

  • Nedsett medvit eller medvitsløyse.
  • Nye lammingar i ansikt – vanskar med å smile, le eller vise tenner.
  • Nye lammingar i arm – vanskar med å løfte begge armane.
  • Nyoppståtte språkforstyrringar – finn ikkje ord eller utydeleg tale.
  • Plutseleg og uforklarleg ustøheit.
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt.
  • Uventa ubehag i brystet – generelt uvel og kvalm.
  • Bruk av hjartemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn vanleg.
  • Pusteproblem.
  • Akutt sjølvmordsfare.

Medisinsk naudnummer 113 er open døgnet rundt.

Kva skal du seie når du ringjer 113?

  • Kva du heiter.
  • Kvar du ringjer frå.
  • Telefonnummer du ringjer frå.
  • Skildre situasjonen og symptom.

Kva skjer når du ringjer 113?

Når du ringjer medisinsk naudnummer 113, er det spesialtrent helsepersonell som svarer. Når du fortel kva som har hendt, vil helsepersonellet vurdere kor alvorleg situasjonen er.

Avhengig av kor alvorleg situasjonen er, vil dei avgjere kva for helseressursar som skal sendast, t.d. lege, ambulanse eller luftambulanse. For å kunne avgjere dette, er det viktig at du tek kontakt så raskt som mogleg og at du svarer på spørsmåla dei har.

AMK (akuttmedisinsk kommunikasjonssentral) er eit anna namn på 113.

Filmar om kva som skjer når du ringjer 113

Hva skjer når du ringer 113?

Hvem snakker du med når du ringer 113, og hva slags hjelp 113 kan gi deg.

Ring 113 ved hjerneslag

Er det plutselig vanskelig å prate, smile eller løfte armene? Det kan være hjerneslag. Ring 113 – hvert sekund teller.

Akutt medisinsk hjelp

113

Dersom du trur at tilstanden er farleg eller lett kan bli det, skal du straks ringje medisinsk nødtelefon 113.

Legevakt

116 117

Ring legevakta når det hastar å få hjelp, eller dersom fastlegen ikkje er tilgjengeleg.

Døgnope

Innhaldet er levert av Helsedirektoratet

Helsedirektoratet. Ring 113 – heller ein gong for mykje, enn ein gong for lite . [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert måndag 19. desember 2022 [henta onsdag 24. juli 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/forstehjelp/ring-113/

Sist oppdatert måndag 19. desember 2022