Tensid

Tensid i hårsjampo, handsåpe og handoppvaskmiddel er lite farlege ved uhell. Andre tensid kan vere giftige og gi etseskadar på hud, i auge og slimhinner. Kraftvask til hus og soppdrepande middel er døme på dette. Start skyljing av hud eller auge straks ved søl.

Vaskebøtte med forskjellige vaskemidler og utstyr

Tensid er overflateaktive stoff. Nokre er giftige og kan gi etseskade ved uhell. Andre er lite farlege.

Tensid

Tensid er samlenemninga overflateaktive stoff. 

Det finst forskjellige typar tensid. Desse kan delast i to hovudgrupper ut frå kva eigenskapar dei har. 

  • Anioniske, amfotære og non-ioniske tensid er lite farlege. 
  • Kationiske tensid kan vere giftige eller gi etseskade. 

Anioniske, non-ioniske og amfotære tensid er lite farlege

Anioniske, amfotære og non-ioniske tensid er dei lite farlege tensida. Dei finst gjerne i produkt som: 

  • handsåpe 
  • sjampo 
  • handoppvaskmiddel 
  • reingjeringsmiddel til bruk i heimen 

Det er generelt lite farleg å smake slike produkt i små mengder.

Symptome ved lite farlege tensid

Ved svelging

  • kvalme
  • oppkast
  • diaré
  • magesmerter

Ved søl i auga

  • svie
  • smerte
  • raudne
  • i sjeldne tilfelle sår på hornhinna

Førstehjelp ved lite farlege tensid

Ved svelging

  • Gi litt drikke. 
  • Sjå an heime viss det er svelgt ei lita mengd, og det er ingen eller lette symptom. 
  • Er det mistanke om at produktet har kome over i luftvegane (hoste), ta kontakt med lege. 
  • Er det svelgt større mengder, ta kontakt med Giftinformasjonen eller lege. 

Ved søl i auga

  • Skyl straks med rennande, lunka vatn. 
  • Kor lenge du bør skylje, avheng av produktet, sjå informasjon om produktet ditt i A-Å-lista. 
  • Kontakt Giftinformasjonen ved uvisse. 

Kationiske tensid kan vere giftige og gi etseskadar 

Kationiske tensid kan vere giftige og gi etseskadar. Dette er ei stor gruppe stoff, og det varierer kor giftige dei er. Kationiske tensid som er brukte i produkt sombalsamogtøymjuknarar, er generelt lite farlege å smake på. 

Produkt der kationiske tensid kan vere giftige og etsande for hud, auge og slimhinner: 

Symptom ved forgifting med kationiske tensid

Ved svelging

Symptom som kan oppstå, varierer med kva slags kationisk tensid det er i produktet. Det kan oppstå alt frå lette mage- og tarmsymptom, til etseskadar og alvorlege symptom frå nervesystemet.

Ved sprut i auga

Symptom ved søl i auga vil variere med kva slags kationisk tensid det er i produktet. Det kan gi alt frå lett irritasjon til alvorlege etseskadar. Symptom kan vere: 

  • raudne 
  • svie 
  • tåreflod 
  • synsforstyrringar 

Ved søl på huda

Symptom ved søl hud vil variere med kva slags kationisk tensid det er brukt i produktet. Huda kan frå ingen symptom til alvorlege etseskadar. 

  • raudne 
  • svie 
  • sår 

Førstehjelp med kationiske tensid

Ved svelging

  • Dersom barnet ditt har svelgt litt tøymjuknar eller balsam, gje drikke og sjå an situasjonen. 
  • Er det derimot svelgt meir enn ein liten smak, kontakt Giftinformasjonen for råd om vidare oppfølging.  

Ved svelging av andre kationiske tensid er det fare for forgifting og etseskade 

  • Drikk 1 glas med vatn. 
  • Ikkje prøv å kaste opp. 
  • Kontakt lege eller ring Giftinformasjonen, 22 59 13 00 med ein gong for råd om vidare oppfølging. 
  • Ved alvorlege symptom, ring 113 (naudtelefon). 

Ved sprut i auga

  • Skyl straks med rennande, lunka vatn og mjuk stråle. 
  • Fjern kontaktlinser forsiktig med reine hender. 
  • Hald fram med skyljing utan opphald i 30 minutt, eller kontakt Giftinformasjonen for å få tilråding om skyljetid. 
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd om du bør oppsøkje lege.

Ved søl på huda

  • Vask huda godt med mild såpe til hud. 
  • Skyl straks med lunka, rennande vatn i 15–30 minutt. 
  • Kontakt Giftinformasjonen for råd om skyljetid, og om når det kan vere nødvendig å ta kontakt med lege. 

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Tensid. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert tysdag 27. juni 2023 [henta torsdag 23. mai 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/husholdningskjemikalier/tensider/

Sist oppdatert tysdag 27. juni 2023