Feildosering av legemiddel

Feil ved administrering av legemiddel skjer ofte. Det kan vere lett å ta feil dose eller forveksle ulike legemiddel. Barn kan få i seg legemiddel ved uhell. Feildosering av både reseptfrie og reseptpliktige legemiddel kan gi forgifting.

Illustrasjonsbilde av kapsler og tabletter

Kontakt Giftinformasjonen telefon dersom nokon har fått i seg feil eller for mykje legemiddel. Ved alvorlege symptom, ring 113.

Feildosering og forveksling kan føre til forgifting

Giftinformasjonen får mange spørsmål om feildosering av både reseptfrie og reseptpliktige legemiddel. Det er fort gjort å ta ein dobbel dose eller forveksle ulike legemiddel. Feildoseringar med vekesdosett kan òg skje, og nokre gonger kan ein ta medisinen til ein annan person ved eit uhell. 

Giftinformasjonen har òg erfaring med at smertetilstandar, som kraftig tannverk, kan føre til ukritisk bruk av smertestillande medisinar. I slike tilfelle kan forgiftingar skje dersom tilrådd dosering blir overskriden. 

Feildoseringar hos barn

Feildoseringar hos barn skjer ofte ved forveksling av ulike legemiddelstyrkar, forveksling av ulike legemiddel eller at det blir gitt feil dose. Spesielt ved dosering av flytande medisinar er det lett å gjere feil. Dersom barn får legemiddel som er berekna til vaksne, eller det blir gjeve meir enn tilrådd dosering, kan det føre til forgiftingar. 

Når er det fare for forgifting ved feildosering av legemiddel? 

Fleire faktorar har noko å seie for forgiftingsfaren ved feildosering av legemiddel. 

  • Type legemiddel, mengd og kva dose ein står på til vanleg, er nokre av faktorane som speler inn på forgiftingsfaren. 
  • Kroppsvekt og helsetilstand vil òg kunne spele inn. 
  • Enkelte legemiddel kan gi forgiftingar ved mindre feildoseringar, medan andre legemiddel er mindre farlege. 

Kontakt Giftinformasjonen for råd dersom det er gitt feil eller for stor dose legemiddel. 

Mindre forsiktig med reseptfrie legemiddel?

Riktig oppbevaring og bruk er like viktig for reseptfrie som for reseptpliktige legemiddel. Det verkar som om mange er mindre forsiktige med reseptfrie legemiddel enn med legemiddel som er reseptpliktige. Dette er uheldig fordi reseptfrie legemiddel òg kan gi forgiftingar.

Unngå forgiftingar, følg råda! 

  • Les nøye på flaska, pakninga eller pakningsvedlegget. 
  • Ta legemiddelet nøyaktig slik legen har tilrådd. 
  • Følg tilrådd dosering på pakka eller pakningsvedlegget for reseptfrie legemiddel.
  • Ikkje ta eller gi legemiddel i mørket.
  • Bruk riktig doseringsutstyr som sprøyte, målebeger eller måleskei til flytande legemiddel.
  • Ver merksam på at legemiddel kan ha ulike salsnamn, men innehalde same verkestoff. Pass på at du ikkje tek meir enn tilrådde dosar av verkestoffet.
  • Ulike hjelpemiddel som dosettar eller pilleesker kan bidra til å unngå feildosering av legemiddel.
  • Oppbevar legemiddel utilgjengelege for barn. Vesker, toalettmapper, nattbordskuffar eller liknande er ikkje eigna oppbevaringsstader for legemiddel. 

Døgnopen vakttelefon

Kontakt Giftinformasjonen for råd ved uhell med legemiddel. Vi vurderer kva som er farleg mengd, fortel deg kva symptom som kan oppstå og kva behandling som eventuelt er nødvendig. Vakttelefonen vår er open heile døgnet. 

Giftinformasjonen er tilgjengeleg ved behov

22 59 13 00

Døgnopen telefon

Innhaldet er levert av Giftinformasjonen

Giftinformasjonen. Feildosering av legemiddel. [Internett]. Oslo: Helsedirektoratet; oppdatert fredag 9. februar 2024 [henta fredag 13. desember 2024]. Tilgjengeleg frå: https://www.helsenorge.no/nn/giftinformasjon/legemiddelforgiftninger/reseptfrie-legemidler/

Sist oppdatert fredag 9. februar 2024