Bakepulver
Bakepulver i rein form er lite farleg å smake på. Inntak av større mengder med pulver kan likevel føre til ei forgifting.

Å smake på litt bakepulver er ikkje farleg. Gi gjerne litt drikke etter slike uhell.
Illustrasjon: Mostphotos.com
- Symptom ved uhell med bakepulver
- Førstehjelp ved uhell med bakepulver
Bakepulver består av natriumhydrogenkarbonat, sure sambindingar og stivelse.
Symptom ved uhell med bakepulver
Inntak
For eit barn er inntak av inntil 1 teskei bakepulver ufarleg.
Større mengder bakepulver kan gi:
- Kvalme, oppkast og generell slappheit.
- Svært store inntak kan gi alvorleg forgifting, dette skjer sjeldan.
Auge
- Forbigåande svie, rennande auge og ubehag
Innanding
- Hoste, luftvegsplager
Førstehjelp ved uhell med bakepulver
Inntak
- Gi litt drikke.
- Kontakt Giftinformasjonen for råd (22 59 13 00) dersom eit barn har fått i seg meir enn 1 teskei.
Auge
- Skyl med vatn i 5-10 minutt. Kontakt lege dersom symptoma varer ved.
Innanding
- Kontakt lege dersom symptoma frå luftvegane varar ved, utover lett irritasjonshoste.